Påmelding til NM har startet

21.05.2021

No startar endeleg petanquesesongen 2021, og forhåpentligvis blir den ein stor suksess, sjølv om me har nok av utfordringar framfor oss!

Norgesmesterskapet er sesongens høydepunkt, og blir arrangert av Bergen Petanqueklubb på Bildøy.

Samleside Petanque.nohttp://petanque.no/news/949/76/NM-2021-Velkommen-til-Bildoy

Informasjonsskriv fra Bergenhttp://petanque.no/uploads/Invitasjon_NM_2021_Bildøy.pdf

Norgesmesterskapet blir arrangert 24. til 27. juni. No opnar me påmeldinga. Fristen er satt til 14 dagar før turneringsstart – 14. juni kl. 20.00. Speleoppsett blir bestemt og satt opp etter antall lag.

Påmelding skjer via klubbane, skjema er allereie sendt på epost.

Som vanleg er prisen 150 kroner per person i kvar øvelse, og klubbane blir fakturert i ettertid.

Hugs at alle NM-deltakare må ha løyst lisens.

 

Mvh

Arild Skjæveland

Idrettskonsulent, Norges Fleridrettsforbund Seksjon Petanque