Styret informerer | Hilsen fra nytt seksjonsstyre

13.04.2021

Tore Blokhus ble under Årsmøtet i Seksjon Petanque valgt som ny leder. I de få ukene som har gått siden dette har det vært mye å sette seg inn i, både av rutiner, henvendelser, tradisjoner - og samtidig skape rom for konstruktiv og nødvendig nytenkning. I tillegg skal nytt styre samles, arbeidsoppgaver skal fordeles og sesongen skal igangsettes. Her er det nye seksjonsstyrets første informasjonsskriv til hele landets klubber og spillere:

 

Styrets informerer, 13. april 2021

Hei!

Våren er komen og me skulle ynskja det var klart for full aktivitet på petanquegrusen rundt i landet. Det er det diverre ikkje.

Både Sesongpremieren, Vika Vår og Vårturneringen er no avlyst.

Kvalifiseringa til EM Veteran er flytta frå 8-9 Mai til 5-6 Juni, og det er opna for påmelding til denne. Holmestrand Petanqueklubb er vertskap for arrangementet.

Holmestrand skal 4 September vera vertskap for NM Trippel Mix. Styret har vedteke å flytta NM Presisjonsskyting til denne helga, så Holmestrand vil ha to NM øvingar 4-5 September.

Me går mot betre tider og normal aktivitet nærmar seg. I desse dagar kjem invitasjon til Norgesmeisterskapet i Bergen ut, så då vert det noko å sjå fram til!

Det har vore nokre spørsmål om lisens. Her oppmodar me dykk til å få meldemmer til å løyse lisensar. Det er viktig å halde aktiviteten oppe, og me i seksjonen vil gjere det me kan for å få avvikla så mange turneringar som råd.

Medan me ventar på å kome i gong med den nasjonale sesongen, ynskjer me å oppmoda klubbane om å legga til rette for positive og kjekke arrangement internt. Med avstand og eige utstyr (kuler, gris, målband) kan ein ha aktivitet dei fleste stader i samsvar med nasjonale og lokale retningslinjer.

Dersom ein arrangør ser at det er usikkert ifht gjennomføring, ynskjer me at de tek kontakt med oss i styret for drøfting. Me har i år to dedikerte turneringsrådgiverar i Gabriel Gjengstø Bel-Lafkih og Heidi Skjørberg Nilsen, som kan bistå i drøftingar og arbeide med å finne løysingar og nivå for evt gjennomføring.

Når det gjeld Landslagskvalifisering er det Trine Tinglum som denne sesongen er ansvarleg for det området, og den de kan kontakta om det er spørsmål ifht til det.

Christopher Kvarme er kontaktperson NM, og vil då vera Bergen og Holmestrand sin mann når det gjeld spørsmål og samtalar kring det.

Kontaktinfo til medlemmene i styret er publisert her på Petanque.no.

Ta kontakt om spørsmål og gå ut å kast kuler.

 

Mvh

Tore Blokhus

92231854