Meisterskapskvalifiseringar 2025
Den komande sesongen skal me igjen senda våre beste menn og kvinner utanlands for å slåst om heider og ære, og då må me først finna ut kven desse er. Difor søkjer me arrangørar til tre av dei fire kvalifiseringane me har lagt opp til i år. Desse går 12.-13. april, 3.-4. mai og 14.-15. juni. For den første datoen må ein ha eit innandørs alternativ i tilfelle snøen framleis ligg.
NB! Legg merke til at det er lagt opp til at kvalifiseringa til EM for herrer og VM for kvinner blir gjennomført på same tid (og stad).
Meld interesse til arild.skjaeveland@nif.idrett.no så snart som mogleg.
Turnering |
Kvalifisering |
12.-15. juli: EM trippel veteran, Santa Susanna (Spania) |
3.-4. mai |
17.-20. juli: EM trippel herrer, Santa Susanna (Spania) |
12.-13. april |
18.-21. september: VM singel/dobbel/mix, Roma (Italia) |
14.-15. juni |
9.-12. oktober: VM trippel kvinner, Douai (Frankrike) |
12.-13. april |