Arrangørkurs

03.01.2025

Tid for arrangørkurs og opplæring i Sport Software for alle klubbane våre!


Me har mykje aktivitet i Petanque Norge, og mange er etterkvart erfarne arrangørar. Me vert stadig fleire, og målsetnaden er at veksten skal halde fram i åra som kjem.
Å arrangere er mange gode på, men å arrangere stort kan vere krevjande. Styret ser det som viktig at me bygger arrangørkompetanse blant klubbane våre. Det vil me tene mykje på med tanke på god avvikling.

Det største arrangementet me har er NM. I NM nyttar me programvaren Sport Software, og dette ventar me at arrangørar kan nytte seg av. Dette vert og nytta internasjonalt i store turneringar. Men, det som er ukjent er vanskeleg, og det som er vanskeleg kvir me oss for. Så då er det fint å gjere seg kjent med programmet.

Me har fått på plass eit unikt tilbod, som me vonar alle våre klubbar vil nytte seg av og stille med minimum ein deltakar. Dei store klubbane (dåke veit kven dåke er), bør stille mannsterkt. Alle som var med under NM på Stord i 2024 fekk erfare Johanne Kvarme med stålkontroll i sekreteriatet. Dei som har vore med tidlegare har i tillegg fått erfare Christopher Kvarme sin kapasitet på å køyre store turneringar. No har Johanne og Christopher sagt seg villig til å halde kurs i Sport Software. Kurset vil vere digitalt, fordelt på to dagar. Den fyrste kursøkta vil vere torsdag 23/1 kl 17, og vil vare om lag to timar. Neste samling vert i mars, og dato vert avklart seinast ved kursstart 23/1. Frå kurset vil ein i tillegg til praktisk presentasjon, få materiell (presentasjonen og opptak av økta) ein kan nytte ved gjennomføring.

Dette er gratis for klubbane, og me oppmodar alle til å melde seg på.

Påmelding til arild.skjaeveland@nif.idrett.no

Vel møtt! Dette vert veldig bra!