Noregsrankinga 2024

13.10.2024

Rankingsesongen 2024 er over, og for smått utrulege 15. gong står Benny Bel-Lafkih igjen som årets beste spelar. Han stoppa opp på heile 197 poeng - interessant nok nøyaktig like mange poeng som i fjor - og marginen til resten av feltet vart etter kvart nokså komfortabel.  På andreplass totalt finn me Eli Gjengstø, som med det blir årets beste kvinnespelar i år som i fjor. Benny og Eli har imponert oss med formidable prestasjonar mange gonger før, men at dei skulle stå att på toppen etter det året dei har hatt, er nesten vanskeleg å skjøna, samstundes som det kjenst heilt rett og veldig fortent. Gratulerer så mykje.

 

Sistemann på pallen i år blei Holmestrands Johnny Skjørberg, mens Rune Kristoffersen vart nummer fire, Bjørn Arne Nordhagen nummer fem og Ranu Homnian nummer seks.

 

Kvart år får dei seks beste på spelarrankinga ekstra reisestøtte ut frå plasseringa si. I tillegg får dei tre beste damene 1000 kroner i reisestøtte, med mindre dei endar topp 6. Støtta må bli brukt i løpet av dei første tre sesongane etter ein har fått tildelt støtta, og ho må bli brukt på ein petanquetur innanlands eller utanlands.

Spelarranking 2024

 

1. Benny Bel-Lafkih, GPK (4000 kr)

2. Eli Gjengstø, GPK (3000 kr)

3. Johnny Skjørberg, HPK (2500 kr)

4. Rune Kristoffersen, GPK (2000 kr)

5. Bjørn Arne Nordhagen, HPK (2000 kr)

6. Ranu Homnian, GPK (1500 kr)

D3. Charlotte Jayer, GPK (1000 kr)

 

Før 2024-sesongen hadde Groruddalen vunne klubbrankinga 12 av 12 gonger. I fjor vart dei pressa tett av Stord, og i år mobiliserte vestlandsklubben for fullt med NM på heimebane. Alle konkurrentane vart meir eller mindre parkert allereie under meisterskapen i juni, og til slutt vart sigersmarginen stor. Stord Petanqueklubb er med det vinnarar av klubbrankinga 2024, framføre Holmestrand Petanqueklubb og Groruddalen Petanqueklubb. Til lukke.

 

Klubbranking 2024

 

1. Stord Petanqueklubb

2. Holmestrand Petanqueklubb

3. Groruddalen Petanqueklubb