Sommarvibbar i september

10.09.2024

Det regnar i snitt 200 dagar i året i Bergen, og haustturneringa til Bergen Petanqueklubb brukar å koma med regngaranti. Når langtidsmeldingane på førehand fabla om solskinn og nærare 30 varmegrader, var det difor ikkje rart spekulasjonane begynte å gå om avtalt spel mellom yr.no og BPK for å auka påmeldingstalet.

14 trippellag og 19 dobbellag gjekk rett i fella, og dei vart løna med to fine dagar på Flaktveit, der regnet berre var glimtvis innom på sundagen.

Dei som hadde reist lengst for å vera med på moroa, var Liz og Dag Nygaard, som har vore med på 7 fjell-turneringa fleire gonger før, og som denne gongen kom reisande heilt frå Bordeaux. Med seg på trippellaget fekk dei Toini Hoel frå arrangørklubben, og sjølv om det alltid er fint å koma tilbake til Bergen, såg det ut som comebacket skulle buklanda sportsleg etter 0-13 mot Viljar, Benny og Eli i første kamp. Dei langvegsfarande var likevel ikkje åleine om å få stryk av lag Viljar, som ikkje lét motstandaren få poeng før i siste kamp av dei fire innleiande swiss-rundane: 13-0, 13-0, 13-0 og 13-7 og eit solid favorittstempel inn i sluttspelet.

I kvartfinalen møtte dei eitt av overraskingslaga for dagen. Seint fredag kveld trudde Mari og Marianne frå Fusa at dei ikkje skulle få spela trippelturneringa, då sistemann på laget, Sissel, hadde blitt sjuk. I den desperate jakta på ein erstattar, dukka plutseleg ingen ringare enn singelnoregsmeister av året, Mostafa Elharrar opp, og det nykomponerte laget tok seg rett inn i A-sluttspelet. Der vart rett nok lag Viljar nokre nummer for store, men uansett ein imponerande innsats av Fusa-damene (og Mostafa)!

I semifinalen fann Viljar, Benny og Eli på-knappen akkurat i tide mot Kjell Arne, Øystein og Per, og dei vende 5-11 til 13-11. I finalen venta – som i ein film ein har sett før – Toini, Liz og Dag, som hadde løfta spelet sitt etter den brutale starten på dagen. Og finalen vart naturlegvis jamn, slik han etter Hollywood-manuset skulle og måtte bli. Begge lag hadde gode moglegheiter til å gå ut, og somme trudde kanskje at lag Toini hadde misbrukt sjansen sin då Dag bomma eit vrient skot for fire poeng og utgang nokre rundar før slutt. Men sjansen kom att, og denne gongen greip dei han: Toini la inn dei siste to kulene på heimebane, og comebacket enda i suksess. Gratulerer!

 

 

 

7 fjell trippel:

1.                        Toini Hoel, Liz Nygaard, Dag Nygaard (BPK/Petanque Ruffecois)

2.                        Viljar Losnegard, Benny Bel-Lafkih, Eli Gjengstø (SPK/GPK)

3.                        Kjell Arne Presthaug, Øystein Johannesen, Per Johannesen (SPK/BPK)

3.                        Roger Thiger, Rune Solevåg, Robert Svensen (SPK)

 

5.-8.                   Mari G. Furubotn, Mostafa Elharrar, Marianne Ulevik (FUS/BPK)

                            Børge Presthaug, Trond Sandvik, Øyvind Sandvik (SPK)

                            Eva Ånensen Fjære, Edvart Fjære, Sissel Lekven (HPK/SPK)

                            Ole Angeltveit, Kjell Olav Flatmo, Ellen Strømme (SPK/BPK)

 

B1                       Lisbeth Johannesen, Jarle Larsen, Margit Tveito (SPK)

B2                       Gisle Hjelmen, Rumen Angelov, Andrew Nyoni (SPK)

B3                       Rune Askeland, Estelle Guerfi, Mari Presthus (BPK)

B3                       Kurt F. Gjøn, Thomas Kalsås, Charlotte Strand (FUS)

 

Øvrige:

13.-14.              Sissel Stuberg, Kari Larsen, Solveig Molven (BPK)

                            Alva B. Furubotn, Emil Kalsås, Viljar K. Knutsen (FUS)

 

På sundagen var det klart for dobbel, og Liz og Dag såg ingen grunn til å endra oppskrifta frå dagen før: Tap i første kamp, for så å vinna tre på rappen og ta seg komfortabelt vidare til sluttspelet. I kvartfinalen stoppa det likevel denne dagen, mot den nykomponerte og sterktspelande duoen Per og Mostafa. Revansjesugne Eli og Benny var i dag som i går utan tap etter dei fire innleiande rundane, og sjølv om dei fekk det tøffare enn venta mot Gunnar og Jarle, tok dei seg vidare til semifinalen med 13-11. Her gjorde dei kort prosess med Per og Mostafa: 13-4 og ny finale.

 

Der møtte dei – for andre dag på rad – eit lag dei hadde slått klart i innleiande, denne gongen Toini og Lisbeth. Vestlandsdamene har gått til topps på Flaktveit tidlegare, og forventningane til dei vart ikkje mindre etter at dei slo Eva og Edvart heile 13-0 i semifinalen. I finalen fekk dei òg tidleg moglegheiter til å ta mange poeng med offensivt  spel, men litt utur i viktige rundar gjorde att Gjengstø/Bel-Lafkih fekk forspranget. Litt halvhjarta supportarsong frå sidelina hemma kanskje meir enn det hjelpte, og når Eli og Benny i tillegg var nøyaktige i rundar der Toini og Lisbeth ikkje var det, vart det ein solid 13-6-siger til Groruddalen, som så mange gonger før. Det gjorde nok godt etter eit forsmedeleg finaletap dagen før!

 

7 fjell dobbel

1.                        Benny Bel-Lafkih og Eli Gjengstø (GPK)

2.                        Toini Hoel og Lisbeth Johannesen (BPK/SPK)

3.                        Per Johannesen og Mostafa Elharrar (SPK/BPK)

3.                        Eva Ånensen Fjære og Edvart Fjære (HPK)

 

5.-8.                   Gunnar Nesse og Jarle Larsen (SPK)

                            Liz Nygaard og Dag Nygaard (Petanque Ruffecois)

                            Robert Svensen og Stein Sele (SPK)

                            Anne Gjøsæther og Sissel Lekven (SPK)

 

B1                       Gisle Hjelmen og Rumen Angelov (SPK)

B2                       Ronny Storum og Viggo Furubotn (FUS)

B3                       Rune Askeland og Mari Presthus (BPK)

                            Solveig Molven og Sissel Stuberg (BPK)

 

Øvrige:

13.-16.              Marianne Ulevik og Line Storum (FUS)

                            Mari G. Furubotn og Charlotte Strand (FUS)

                            Kari Larsen og Ellen Strømme (BPK)

                            Øystein Johannesen og Sigurd F. Rasmussen (BPK)

17.                      Alva B. Furubotn og Emil Kalsås (FUS)

18.                      Kurt F. Gjøn og Thomas Kalsås (FUS)

19.                      Viljar K. Knutsen og Emrik F. Storum (FUS)

 

Det vart alt i alt ei veldig fin helg, med godt vêr og hyggelege folk, og då er det givande å vera med på å arrangera turnering. Dei seinare åra har me sett tendensar til dalande påmeldingstal til turneringar i Bergen. Noko av det skuldast kan henda at det er så mange andre rankingturneringar å vera med på, og noko av det må kanskje dei litt mindre spanande banane ute på Flaktveit ta skulda for. Me kjem til å masa vidare på kommunen om å få arrangera turneringar i sentrum i framtida, og me håpar at 2025 kan vera året der me får det til. Ein kjempeopptur i år var det uansett å sjå at Fusa Petanqueklubb stilte mannsterke, og dei hadde med heile tre trippellag og seks dobbellag, som beit godt frå seg. Marianne og Mari gjekk som nemnd til A-sluttspelet i trippelen saman med Mostafa, medan Viggo og Ronny kapra andreplassen i B-sluttspelet på sundagen. Som om ikkje det var nok, var fire av Fusa-spelarane juniorspelarar, og slike har me ikkje for mange av i Petanque-Noreg. Dei vart gjort litt ekstra stas på i helga, og me håpar deltakinga gav meirsmak, og at me ser dei unge, lovande tilbake mange fleire gonger.

 

 Tekst: Øystein Johannesen, BPK