Sommarøyo Open 2024
Sommarøyo Open vart 27. og 28. juli arrangert på Stord. Dette var tredje gong turneringa vart avholdt, og då nærmar me oss ein tradisjon.
Tidlegare har turneringa vore arrangert på Stordfjellet og ved dei no velkjente gruvene på Litlabø. I år var me i Stordskogen, på ein fin plass med flotte fasilitetar, og ikkje minst krevjande speleflate.
Etter ei helg med flott stemning og godt spel er me både trøytte og motiverte til å invitere høgt og breitt til neste år, og kven veit kva me finn på då?
Lisensfri Laurdag – Dobbel
Med mål om ei open turnering med låg terskel for deltaking vart Laurdag ei lisensfri dobbelturnering. Målsetnaden vart absolutt nådd, og det vart, noko motvillig, satt eit tak på 48 deltakarlag.
Blant deltakarane var det ein solid delegasjon frå Fusa Petanqueklubb, noko me satt stor pris på. Det vart eit godt møte for Vestlandsklubbane, då både Bergen Petanqueklubb og Karmøy Petanqueklubb og var representerte.
På motorsykkel over fjellet kom Edvard Fjære og Are Rystad frå Holmestrand Petanqueklubb, samt ein bil med Fabien Chaon, Axel Chaon, Jean Espic og Olivier Nadreau, som i rankingspelet Søndag representerte Stord Petanqueklubb.
I tillegg til nærare 20 ferske spelarar som stilte til start var det ei flott deltakarliste, og kanskje nokre fekk ei erfaring som gjer at me ser dei att som medlemmar i framtida?
Det vart spelt og premiert i tre sluttspel:
C – Sluttspel
- Elise Helland og Gisle Hjelmen
- Øyvind Bjørkås og Jannike Sørheim
B – Sluttspel
- Odd Kvarme og Gyrid Ingeborg Astrid Lid
- Per Vidar Johannessen og Øystein Johannessen
A – Sluttspel
- Jean Espic og Olivier Nadreau
- Dag Otto Koppang og Roger Thiger
Vinnarar laurdag
Vinnarar B-slutspel laurdag
Søndag – Ranking Single
Søndag vart det spelt rankingturnering. Denne dagen var deltakartalet halvert, noko som artig nok gjorde at det var like mange «lag» til start begge dagar. Dei 48 startande vart fordelt på 12 grupper med fire spelarar i kvar.
Ein våt morgon i skogen, vart på få timar til ein solfylt føremiddag.
Krevjande baner gjorde at spelet vart både spanande og kjapt. Under dommar Per Geir Vatna sitt vaktsame blikk fekk me ein flott dag med mykje godt spel.
B Sluttspelet vart vunne av Ole Angeltveit frå SPK etter siger mot klubbkamerat Kjell Arne Presthaug.
A Sluttspel
Semifinalar:
Tore Blokhus SPK – Gisle Hjelmen SPK 13-6
Fabien Chaon SPK– Jean Espic SPK 13-5
Sommarøyo Open 2024 vart avslutta med ein velspelt og fin finale, der underteikna må vedgå at Fabien Chaon var skarp og hadde god kontroll på motstandaren.
Finale:
Fabien Chaon – Tore Blokhus 13-7
Vinnar søndag
Takk for ei strålande helg til alle deltakarar!
Strålande sol i Stordskogen
Resultatliste singel
A-sluttspill
1. Fabien Chaon Stord PK
2. Tore Roth Blokhus Stord PK
3. Gisle Hjelmen Stord PK
3. Jean Espic Stord PK
5. Harald Gjøsæther Stord PK
5. Rune Bekkevold Stord PK
5. Are Rystad Holmestrand PK
5. Rolf Petter Ekre Stord PK
9. Roy Åge Enoksen Stord PK
9. Anne Gjøsæther Stord PK
9. Trond Sandvik Stord PK
9. Sissel J. Lekven Stord PK
9. Edvart Fjære Holmestrand PK
9. Mostafa El Harrar Bergen PK
9. Roger Thiger Stord PK
9. Per V. Johannesen Stord PK
B-sluttspill
1. Ole Angeltveit Stord PK
2. Kjell Arne Presthaug Stord PK
3. Odd Kvarme Stord PK
3. Øystein Johannesen Bergen PK
For arrangøren, Tore Blokhus