Æresmedlem: Gabriel Gjengstø Bel-Lafkih

02.07.2024

Gabriel Gjengstø Bel-Lafkih (2001-2024) ble 28. juni utnevnt til æresmedlem i Norges Fleridrettsforbund Seksjon Petanque. 

Les også: Minneord om Gabriel

Seksjonsleder Tore Blokhus begrunnet utnevnelsen under samlingen  Norgesmesterskapets fjerde spilledag:

NM er spesielt for oss. Nokon deltek for fyrste gong, andre har vore med «alltid». Dette er vårt høgdepunkt for både breidde og topp, og for ein variert og flott gjeng dåke er.

Dette har me og dette skal me verne om og setje pris på

Me er samla når me er saman og har det kjekt.

Me er og samla når det ikkje er kjekt, men tungt. Som me har opplevd i år

Når me altfor tidleg mista ein av våre mest sentrale og versdsette i Gabriel Gjengstø Bel-Lafkih.

Gabriel var blant dei aller beste spelarane i Norge. 

Han var i tillegg engasjert i alt som rørte seg i norsk petanque.

Han var aktiv i seksjonsstyret som nestleiar.

Han arrangerte turneringar, var dommar og mykje, mykje meir.

Me var alle glad i Gabriel.

I styret var Gabriel oppteken av å løfte fram personar som fortente heder.

Under NM har me gjeve merksemd til personar som har utmerka seg ved særskilt gode prestasjonar, eller personar som har lagt ned stor innsats for sporten.

I år vert Gabriel hedra, og årets heder vert gjeve posthumt.

Gabriel Gjengstø Bel-Lafkih er vårt nye æresmedlem.

 

Gabriels foreldre mottok på vegne av sin sønn en siste gullmedalje. Utdelingen ble etterfulgt av et minutts applaus.

 

 

Æresmedlemmer

i Norges Fleridrettsforbund Seksjon Petanque

2024: Gabriel Gjengstø Bel-Lafkih, Groruddalen Petanque Klubb

2019: Signe Hovind, Oslo Petanque Club

2016: Jan Åge Paulsen, Holmestrand Petanqueklubb

2012: Frank Pedersen, Oslo Petanque Club

2012: Paavo Tikkanen, Boule Frederik II