NM Singel Herrer: Jubeldag for vestlandsklubbane

01.07.2024

81 spelarar stod sundag morgon klare til å kjempa om heider, ære og medaljar i herresingelen på siste dag av noregsmeisterskapen i petanque. Lite plass på smale banar og samvettsfull merking av både gris og kuler gjekk tilsynelatande fint, og fleire av førehandsfavorittane kom godt ut av startblokkene. Tidlegare vinnarar som Tore Blokhus, Robert Pettersen og Benny Bel-Lafkih var blant dei som stod med full pott etter fire rundar sveitsisk spel. Mange hadde nok sett pengane sine på at nokre av dei sterke spelarane austfrå skulle stå att på pallen til slutt, men denne sundagen var det vestlendingane som hadde lyst til å visa kven som spelte på heimebane.

 

Bergen Petanqueklubb stod utan medaljar etter dei fire første dagane, og det såg mørkt ut då det siste håpet Mostafa Elharrar låg under 12-3 for Stefan Løvås frå Boule Frederik II i kvartfinalen. Dei høge og fine løfta til Mostafa stoppa opp eller fauk forbi, og han verka å ha resignert mot ein solidspelande Stefan. Men i petanque går som kjent kampen til 13, og når dei høge løfta til Mostafa plutseleg begynte å leggja seg på gris heller enn å gå forbi, vart det ei anna ro over spelet hans. Poeng for poeng henta han seg tilbake, og til slutt var snuoperasjonen eit faktum: 13-12 og medalje til Bergen!

 

Mostafa var ikkje den einaste vestlendingen som imponerte denne dagen, og dei tre andre semifinalistane kom alle frå Stord Petanqueklubb. Singelspesialist Eivind Sakseid slo mellom anna ut landslagsspelar Marius Wang og klubbkamerat Kjell Arne Presthaug på vegen til medalje, men der vart det stopp mot ein Mostafa i det umoglege hjørnet. Eivind var ikkje heilt nøgd med spelet sitt i sjølve semifinalen, men det var ein blid stordabu som kunne dra heim med ein bronsemedalje etter ein lang dag på banen.

 

I den andre semifinalen vart det noko så sjeldan som ein rein brødreduell mellom Viljar og Magnus Losnegard. Viljar hadde sett på plass førehandsfavorittar som Johnny Skjørberg og Benny Bel-Lafkih på vegen, men det var Magnus som starta semifinalen best, og han opparbeidde seg ei god leiing. Når Viljar kom tilbake og både fekk uavgjort og tok leiinga med eitt poeng, tenkte nok mange at storebror skulle gjera som storebrør ofte gjer og setja veslebror på plass. Men Magnus hadde ikkje tenkt å la moglegheita gå frå seg, og når Viljar var unøyaktig, greip han sjansen til å leggja inn tre poeng til 13-11.

 

Finalen vart òg ein tett og jamn affære, og spelarane følgde kvarandre tett lenge. Mot slutten greidde likevel Mostafa å vera nådelaus i to avgjerande rundar. Først skyt han på kule like ved gris, blir liggjande igjen samstundes som han flyttar gris litt mot eigne kuler: Tre poeng. Så skyt han i neste runde carreau på ei god kule og tvingar Magnus til å leggja inn på lite plass. Det lukkast han ikkje med, og den rutinerte fyllingsdølen med to NM-sølv frå før kunne endeleg ta med seg eit gull «hem» til Bergen.

 

 

NM Singel Herrer

1. Mostafa Elharrar, BPK

2. Magnus Losnegard, SPK

3. Viljar Losnegard, SPK

3. Eivind Sakseid, SPK

 

5.-8. plass

Birger Hansen, HPK

Benny Bel-Lafkih, GPK

Stefan Løvås, BFII

Kjell Arne Presthaug, SPK

 

9.-16.

Tore Blokhus, SPK

Harald Gjøseter, SPK

Bjørn Vidnes, OPC

Jarle Larsen, SPK

Robert Pettersen, GPK

Jan Erik Jensen, HPK

Jan A. Holm, SIN

Sigurd Sævareid, SPK

 

17.-32.

Michael Reddington, SPK

Bjørnar Endal, HPK

Zoran Puvatcha, BFII

Ole Angeltveit, SPK

Øystein Johannesen, BPK

Are Rystad, HPK

Johnny Skjørberg, HPK

Arne Sandberg, STIF

Bjørn Arne Nordhagen, HPK

Rumen Angelov, SPK

Svein Bruu, OPC

Marius Breimo, OPC

Marius Wang, OPC

Per Johannesen, SPK

Fred Olaf Korsgården, HPK

Sven Kolstad, OPC