NM Singel Damer: Frå bronse til gull

01.07.2024

Uvanleg nok var det singeløvinga som stod sist på NM-programmet, og 31 damer skulle gjera opp om NMs siste gull. Etter tre rundar sveitsisk stod fire spelarar att utan tap, alle saman nemnt på førehand blant medaljekandidatane: Mette Åkvåg frå Økern, Veronica Mathiesen og Heidi Skjørberg Nilsen frå Holmestrand og Lisbeth Johannesen frå Stord.

 

Arrangørklubben Stord Petanqueklubb leverte skarpt i dei innleiande rundane og fekk heile seks spelarar vidare til åttandedelsfinalane. Blant dei var både mor og dotter Straume, og dotter Linda tok det jamvel eitt steg vidare etter å ha slått tidlegare gullvinnar Heidi Skjørberg Nilsen 13-12 i første utslagsrunde. Ein imponerande skalp for ei som har spelt i berre rundt eitt år!

 

SPK-talentet Elise Helland, som blir 13 år seinare i år, fekk ein tøff start på dagen i møte med Charlotte Jayer, men ho må ha fått nokre gode tips frå landslagsspelaren, for etter å ha slått Torunn Rostad frå BFII i siste kamp i innleiande, tok ho seg vidare til åttandedelsfinalen. Sjølv om det der vart stopp mot Veronica Mathiesen, leverte ungjenta ein imponerande prestasjon, og ein skal sjå opp for henne i framtida. Veronica skulle ein på si side verkeleg sjå opp for allereie i dag.

 

Under NM i Holmestrand i fjor var ho overlykkeleg for å ha tatt bronse i den same øvinga, men i år skulle det visa seg at ho hadde endå skumlare planar. Etter ein knepen 13-11-siger mot Anita Magnussen i kvartfinalen, stod landslagsjentene for tur. I semifinalen løyste ho banane betre enn Charlotte, og med solide 13-7 spelte ho seg heilt til finalen – eitt hakk vidare frå i fjor. Der venta Ranu Homniam, som på si side slo Else Hartveit frå Sandefjord i sin semifinale. Med å ha kome så langt, sikra likevel Else Sandefjord ein medalje i noregsmeisterskapen, og på vegen til bronsen slo ho mellom anna ut Mette Åkvåg, som toppa listene etter dei innleiande rundane. Ein veldig god prestasjon!

 

I finalen fekk Veronica ein god start, men når Ranu henta seg opp igjen og finalen stod og vippa på 8-8, tenkte kanskje fleire at VM-sølvvinnaren skulle kopla på det siste giret. Så skjedde ikkje, og det var i staden Veronica som hadde bestemt seg. Resten av poenga gjekk til Holmestrand, og dermed gjorde gullet det same!

 

NM Singel Damer

1. Veronica Mathiesen, HPK

2. Ranu Homniam, GPK

3. Else Hartveit, STIF

3. Charlotte Jayer, GPK

 

5.-8.

Mette Åkvåg, ØPC

Sissel Lekven, SPK

Linda Straume, SPK

Anita Magnussen, SPK

 

9.-16.

Estelle Guerfi, BPK

Laila Straume, SPK

Gunvor Berge, OPC

Lisbeth Johannesen, SPK

Heidi Skjørberg Nilsen, HPK

Sissel Stuberg, BPK

Bente Larsen, HPK

Elise Helland, SPK