SPK-dobbel i første rankingturering på Karmøy

13.05.2024

Karmøy Petanqueklubb arrangerte rett nok ei lisensfri turnering i fjor, men no hadde tida endeleg kome for den store elddåpen med to dagar rankingstemne ved Seveland skule. Vêret vart bestilt i fjor, og det leverte!

Ti lag stilte til start i trippelturneringa på laurdagen, og av desse skulle fire vidare til A-sluttspelet – to frå kvar av dei to femmargruppene. Gledeleg nok for arrangørklubben var eit Karmøy-lag eitt av dei som slo aller best frå seg, og Jim Pettersen, Eva Karin Pettersen og Helene Johansen kvalifiserte seg fortent til ein semifinale. Her heldt dei fram med å bita frå seg, og Gisle Hjelmen, Andrew Nyoni og Jarle Larsen fekk kan henda hardare kamp enn dei hadde rekna med. SPK-laget, som sigra så seint som helga før i Bergen, halte til slutt i land ein 13-10-siger.

 

I den andre semifinalen vart det òg tett, i eit reint Stord-oppgjer mellom Kjell Arne/Sigurd/Per Geir og Rumen/Ole/Kjell-Olav. Lag Per Geir var nær ved å tapa sin første kamp for dagen, men heldt hovudet kaldt og let heller ikkje denne sigeren gleppa. 13-12.

Best når det gjeld, er det noko som heiter, og best var lag Per Geir i finalen òg, der dei utmanøvrerte lag Gisle i ein spanande kamp med mykje godt spel. Med det vart det ikkje to triplar på rad for Gisle, Andrew og Jarle, som likevel har blitt eit fast innslag i toppen av listene på vestlandet.

Resultat trippel:

1. Kjell Arne Presthaug, Sigurd Sævareid, Per Geir Vatna (SPK)

2. Gisle Hjelmen, Andrew Nyoni, Jarle Larsen (SPK)

3. Rumen Angelov, Ole Angeltveit, Kjell-Olav Flatmo (SPK)

3. Jim Pettersen, Eva Karin Pettersen og Helene Johansen (KAP)

 

Det vart òg arrangert ikkje-poenggivande B-sluttspel, og der vann Per Johannesen, Lisbeth Johannesen og Sissel Lekven finalen mot Mari Preshus, Mostafa Elharrar og Øystein Johannesen.

 

På sundagen vart det spelt dobbel, og her var laga delt inn i fire grupper à 4 eller 5 lag. BPK-duoen Mari og Mostafa tok seg ubesigra gjennom si gruppe, og fekk med seg klubbkameratane Øystein og Toini, men der førstnemnde framleis såg uslåelege ut etter 13-11 over Roger og Aleksandar i kvartfinalen, fekk Øystein og Toini ein skikkeleg på trynet av Lise og Ragnar. Alt klaffa for dei langvegsfarande, og etter tre grisar og eit dundrande 13-0-tap var dagen brått over for bergenslaget.

 

På den andre sida av tablået hadde i dag som i går eit Karmøy-lag imponert både seg sjølv og andre med å ta seg vidare frå gruppa, men det vart stopp for Ståle og Knut Jarle i kvartfinalen mot meir meritterte Sigurd og Kjell Arne. Den siste kvartfinalen vart eit reint familieoppgjer mellom Lisbeth og Sissel og Per og Jarle, og denne gongen var det til slutt mennene som fekk siste ord.

 

Per og Jarle leverte solid petanque i semifinalen òg, og her fann aldri Lise og Ragnar den same flyten som i kvartfinalen. 13-2 og endå ein finale for SPK-karane. Den andre semifinalen vart av fleire som både såg på og spelte sjølv skildra som «Mostafa-show», og saman med Mari tok han seg med det til finalen etter overraskande overlegne 13-2 mot Sigurd og Kjell Arne.

 

I finalen vart det derimot stopp for Mostafa og Mari, då Per og Jarle heldt fram med å spela solid og presist. Det er av og til grenser for kor mange kuler som ligg på gris ein kan bli kvitt.  

 

Resultat dobbel

1. Per Johannesen og Jarle Larsen (SPK)

2. Mostafa Elharrar og Mari Presthus (BPK)

3. Kjell Arne Presthaug og Sigurd Sævareid (SPK)

3. Lise Østby og Ragnar Weseth (BFII/SIN)

 

5.-8.

Toini Hoel og Øystein Johannesen (BPK)

Aleksandar Obradovic og Roger Thiger (BFII/SPK)

Lisbeth Johannesen og Sissel Lekven (SPK)

Knut Jarle Nes og Ståle Olsen (KAP)

 

B1. Linda Hoel Jørgensen og Rune Askeland (BPK)

B2. Gisle Hjelmen og Andrew Nyoni (SPK)

B3. Per Geir Vatna og Trond Sandvik (SPK)

B3. Grethe Ramsdal og Joachim Tharaldsen (SPK)

 

 

 

For underteikna vart både dagen og helga ei overveldande og god oppleving med mykje læring. Det kjenst ofte som at eigne kuler skal bli poeng, men så kjem det ein eller annan skyttar og skyt dei vekk. Her har me litt å trena på! Det vart ei helg med mykje flott petanque, fint vêr og fine folk. Det er vanskeleg å setja ord på akkurat kvifor dette er så fint, men det er det altså. Me er takksame for ei fin helg i lag og håpar endå fleire vil ta turen til Karmøy neste år!

 

 

 

Tekst: Rosa Nyoni / Øystein Johannesen