Petanqueworkshop med Joachim Andersson
16.04.2024
![](cache/images/7/7/9/9/9/77999d2722fadbb0f54636aaf875a431c5775f08.jpeg)
Det har vore i emning ei lita stund, men no er endeleg detaljane på plass, og me kan opna for påmelding. Sundag 2. juni kjem Joachim Andersson frå Sverige til Frognerparken for å halda petanqueworkshop for dei som vil ha gode råd for å bli ein betre spelar. Dei 40 første som melder seg på får vera med, så her gjeld det å vera kjapt ute for å sikra seg ein plass!
Fleire detaljar og informasjon om påmelding HER