Dameturnering i vest

05.02.2024

 

Laurdag 3. februar vart Dameturneringa 2024 arrangert i Litlabøhallen på Stord. Ideen vart skapt då Holmestrand annonserte si turnering. Turen over fjellet er lang, særleg vinterstid, og me bestemte oss for å arrangera vår eiga turnering. Det vart ein suksess også her vest!

 

20 damer frå Bergen, Karmøy og Stord deltok. Ein del hadde møtt kvarandre før i turneringar, andre var nye, og i løpet av dagen vart det mykje kjekt spel, god stemning og nye vennskap. Det vanka overraskingar til alle med minne frå dagen, mellom anna gris med namn og turnering.

 

Me spelte 5 rundar, der me trekte nye lag for kvar runde. Mellom runde 3 og 4 vart det pizza og drøs. Det var kjekt å bytte på lag og få erfaring med å spele med andre enn ein gjer til vanleg. At det vart god tid til ein prat, var også positivt.

 

 

Me hadde ikkje sluttspel, men både Anita og Anne stod med full pott etter fem rundar. Anita hadde best score og vart med det vinnaren av turneringa. Av dei tre spelarane med fire sigrar, hadde Line bestescore, og ho tok med det tredjeplassen. Gratulerer til alle!

 

Premiering til dei tre på topp:

1. plass: Anita Monsrud Magnussen (drikkeflaske m/namn),

2. plass: Anne Gjøsæther

3.plass: Line Jørgensen

 

Det vart også trekt fleire Tupperware-drikkeflasker m/navn blant resten av deltakarane. Stor jubel! Stor takk til Sissel som stilte med premiar.

 

Deltakarane på Dameturneringa i vest var:

Bergen: Berit, Linda, Line, Toini, Mari, Ellen, Sissel, Wenche

Karmøy: Rosa

Stord: Laila, Linda, Margit, Arnhild, Anita M, Anne Jorunn, Grethe, Anne, Anita S, Sissel, Lisbeth

 

Takk til alle som gjorde dette til ein superkjekk dag! Dette kan me gjenta, og nokre har allereie reservert plass til neste år. Kanskje klarer me jamvel å samla oss på tvers av landet?

 

Tekst: Lisbeth Merete Johannesen (SPK)