NM 2023 Dobbel V65 | Seier igjen!
30.06.2023
NM 2023 Dobbel V65 | Dei regjerande meistrane sigra igjen
Tradisjonen tru starta NM med kappestrid mellom dei eldste veteranane i V65-klassen, og etter ein lang dag i sola på Hvitstein stod ein att med to vinnarar som ser ut til å vera i ferd med å starta ein ny tradisjon. Meir om det sidan.
Det stilte 22 lag til start i turneringa, og laga målte krefter i tre gruppespelskampar for å avgjera kva tolv lag som skulle kjempa vidare i sluttspelet. Fem lag tok seg på imponerande vis vidare utan tap, og Brunsell/Andersen (TT), Vatna/Sandvik (SPK), Baksetersveen/Endal(HPK), Razaka/Bruu (OPC)og Bjercke/Solberg(HPK) måtte med det finna seg i å gå inn iåttandedels- og kvartfinalar med eit lite ekstra favorittstempel.
I kvartfinalen vart det likevel stopp for Brunsell og Andersen, som etter først å ha slått ut HPK-duoen Hansen og Skjørberg med imponerande 13-2 i åttandedelsfinalen måtte strekkja våpen i møte med eit Stokke-lag som fann fram eit ekstra gir då dei kjende lukta av medaljar.
Ingunn Thorvik og Sverre Meisingset gjekk sigrande ut av kvartfinalen med 13-3,
og dei sa seg ikkje ferdige med det. I semifinalen fekk dei hard kamp av Jean-Jaques Razaka og Svein Bruu, men OPC-karane måtte til slutt gje tapt, og Stokke sikra seg med det ein plass i sjølvaste gullfinalen.
Kampen om å bli Thorvik og Meisingset sin motstandar vart ein batalje mellom
fleire lag som brukar å gjera det godt i denne klassen. I eit reint HPK-oppgjer mellom Ståle Baksetersveen og Bjørnar Endal og Rolf Bjercke og Eddie Solberg sikra førstnemnde seg semifinalebilletten. Der venta SPK-veteranane Per-Geir Vatna og Trond Sandvik, som i sin kvartfinale slo medaljegrossistane Hansen og Gullbrandsen med 13-9. Dermed
vart semifinalen ein reprise på finalen frå i fjor, og i år som i fjor var det
Baksetersveen og Endal som stod att som vinnarar.
Det var på førehand venta at Baksetersveen og Endal ville bli vanskelege å
slå etter fjorårstriumfen, og i finalen viste dei kvifor fleire hadde peikt på dei før ei einaste kule hadde blitt kasta på NMs første dag. Dei fekk kamp av Thorvik og Meisingset, men kunne til slutt innnkassera gullmedaljane etter solide 13-6. Stokke-duoen imponerte likevel mange
i løpet av dagen - kanskje jamvel seg sjå lve - og dei sit att med sølvmedaljar i NM etter ei strålande turnering.
Gratulerer til alle medaljevinnarane, og eit særskilt til lukke til Ståle Baksetersveen og Bjørnar Endal som for andre året på rad startar NM med å ha blitt noregsmeistrar!
Resultater V65:
1. Ståle Baksetersveen,Bjørnar Endal,Holmestrand Petanque Klubb
2. Ingunn Thorvik,Sverre Meisingset,Stokke IL
3. Svein Bruu,Jean Jaques Razaka,Oslo Petanque Club
3. Per Geir Vatna,Trond Sandvik,Stord Petanqueklubb
5-8
Per Svein Sakseid,Øyvind Bjørkås,Stord Petanqueklubb
Erik Brunsell,Dag Andersen,Tønsberg Turnforening
Rolf Bjercke,Eddie Solberg,Holmestrand Petanque Klubb
Birger O Hansen,Odd-Reidar Gullbrandsen,Holmestrand Petanque Klubb
9-12
Rune Andersen,Øyvind Gundersen,Sinsen Petanque
Hans-Erik Røneid Hansen,Helge Skjørberg,Holmestrand Petanque Klubb
Arild Eliassen,Daniel Hushovd,Holmestrand Petanque Klubb
Anne Britt Kløv Jacobsen,Ulf Kløv Jacobsen,Stokke IL
Øvrige lag
Ambjørn Efterdal,Eva Efterdal,Boule Fredrik II
Arne Olsen,Johnny Johansen,Follo Petanca Klubb
Elisabeth Trolldalen,Kjell Horn,Stokke IL
Ellen Meisingset,Torunn Rostad,Petanque Club Hølen
Jan Henrik Nymoen,Edith Andersen,Tønsberg Turnforening
Kjell Olav Flatmo,Robert Svendsen,Stord Petanqueklubb
Lise Østby,Nina Augustin,Boule Fredrik II
Ragnar Weseth,Morten Jensen,Sinsen Petanque
Ragnhild Andersen,Ib Asger Andersen,Boule Fredrik II
Rolf Hermansen,Odd Porsmyr,Boule Fredrik II
Wenche Unni Hansen,Inga Lill Husevåg,Tønsberg Turnforening