NM Dobbel Mix 2022 | Utholdne til det siste!

24.06.2022

I NM Dobbel Mix stilte 34 lag til start. I strålande og varmt vær vart det spela 6 rundar swiss, før 8 lag gjekk vidare til kvartfinale og finalespel.

Etter to rundar Swiss verka duoen Nina Augustin og Atle Andersen fra Boule Frederik II å verkeleg ha storformen inne, med to sigrar og 26-0 i skåre var dei verkeleg i fart. Men dette var bare ein tredjedel av vegen, og mykje skulle endra seg.

Etter fire rundar byrja lista å sette seg. På topp fann me to ubeseira lag; Gunvor Berge og Bjørn Vidnes frå OPC og Charlotte Jayer og Jean Espic frå GPK. Desse vart tett fulgt av storspelande Vina Naidu og Marek Gieniusz frå Sandefjord, som i fyrste kamp slo det meritterte mixparet Gjengstø/Bel-Lafkih frå GPK. På dei neste fire plassane fann me vestlandet representert ved Mari Presthus/Mostafa El Harrar og Jon Sæbø Larsen/Toini Hoel frå BPK, samt Per/Lisbeth Johannessen og Børge Presthaug/Margit Olava Tveito frå SPK. To av dei laga som var absolutte førehandsfavorittar, Ranu Homniam/Robert Pettersen og Eli Gjengstø/Benny Bel-Lafkih luska like bak, på 8. og 9. plass.

Då seks rundar swiss var fullført var det kun eitt ubeseira lag att; Charlotte Jayer og Jean Espic (GPK). Inn i kvartfinalane hadde me då eitt felt med 3 lag frå GPK, to frå BPK, to frå OPC og eitt lag frå STIF.

Kvartfinalar

Jayer/Espic GPK - Hovind Fantoft/Mevel OPC 13-7
Presthus/El Harrar BPK - Naidu/Gieniusz STIF 13-3
Gjengstø/Bel Lafkih GPK - Berge/Vidnes OPC 13-12
Homniam/Pettersen GPK - Hoel/Sæbø Larsen BPK 13-2

Det ble flotte og velspelte kvartfinalar i kveldssola. Særleg kampen mellom Gjengstø/Bel-Lafkih og Berge/Vidnes var ein lang batalje som enda 13-12 til GPK.

Ikkje uventa var då feltet dominert av lag frå Groruddalen Petanqueklubb når me gjekk mot dei heilt avgjerande kampane i turneringa.

Semifinalar

Homniam/Pettersen GPK - Gjengstø/Bel-Lafkih GPK 8-13
Jayer/Espic GPK - Presthus/El Harrar BPK 5-13

Finale

Gjengstø/Bel-Lafkih - Presthus/El Harrar 13-2

Etter nesten 13 timar spel var dagen over. Det ble sølv til Bergen Petanqueklubb etter ein veldig bra dag på grusen.

Og etter tre lange kampar på rad, og ein pangstart på finalen der dei gjekk til 9-0 på to rundar vart det ein sterk og fortent seier til Eli Gjengstø og Benny Bel Lafkih.

Gratulerer! For ein utholdenhet!

 

NM Dobbel Mix

23. juni 2022, Stokke

1. Eli Gjengstø og Benny Bel-Lafkih, Groruddalen Petanque Klubb

2. Mari Presthus og Mostafa Elharrar, Bergen Petanqueklubb

3. Ranu Homniam og Robert Pettersen, Groruddalen Petanque Klubb

3. Charlotte Jayer og Jean Espic, Groruddalen Petanque Klubb

5. - 8. plass

Caroline Hovind Fantoft og Gildas Mevel, Oslo Petanque Club

Vina Naidu og Marek Gueniusz, Sandefjord Turn og Idrettsforening

Gunvor Berge og Bjørn Vidnes, Oslo Petanque Club

Toini Hoel og Jon Sæbø Larsen, Bergen Petanqueklubb

9. - 16. plass

Linda Hoel Jørgensen & Herve Socquet-Juglard, Bergen Petanqueklubb

Marianne Moholt og Johnny Skjørberg, Holmestrand Petanqueklubb

Johanne Fangel Brekke og Christopher Kvarme, Stord Petanqueklubb

Per Vidar Johannesen og Lisbeth M. Johannesen, Stord Petanqueklubb

Bjørn Arne Nordhagen og Line Eliassen, Holmestrand Petanqueklubb

Signe Hovind og Marius Wang, Oslo Petanque Club

Nina Augustin og Atle Andersen, Boule Frederik II

Inger Berit Kristiansen og Freddy Friberg, Boule Frederik II

 

Tekst: Tore Blokhus, seksjonsleder