Ranking 2021 | Siste innspurt!

07.09.2021

Follo Petanca Klubb har arrangert turnering, Holmestrand Petanqueklubb har arrangert turnering, Oslo Petanque Club har arrangert to turneringar, og jammen har me ikkje vore gjennom nok eit norgesmesterskap! Det er på tide å sjekke status på rankingtabellen! 


På spelarrankinga har me no 171 spelarar med rankingpoeng! Dette er eit heilt enormt tall! Mange gjer det godt i turneringane dei stiller opp i, men det er ei gruppe i toppen som gjer det godt i alle turneringane! Dei seks beste spelarane på rankinga har no over 110 poeng, medan Bjørn Arne Nordhagen på tiandeplass har 62 poeng. Nivået er skyhøgt i toppen, og desse spelarane dukkar opp i dei fleste turneringane over alt i landet. Dette er beint fram imponerande! 

Med tre turneringar igjen er det framleis heilt ope kven som stikk av med samanlagtsigeren. Fjorårets vinnar, Benny Bel-Lafkih, ligg på fjerdeplass med 145 poeng. Det spørs om løpet kanskje er køyrd for den mestvinnande spelaren i norsk rankinghistorie, men ein skal aldri avskrive Benny heilt. Det samme gjeld vinnaren frå 2018, Charlotte Jayer, som med sine 151 poeng tar tredjeplassen. 

Heilt i toppen er det ekstremt tett mellom dei to klubbkameratane Gabriel Gjengstø Bel-Lafkih og Bastien Testaniere. Berre eitt poeng skiljar desse to spelarane, som har henholdsvis 158 og 159 poeng. Ingen av desse spelarane har vunne rankinga tidlegare, så her vert det kamp til siste gris. Eit einaste finaletap kan skilje desse to, og det ventast at dei kjem til å stille opp i samtlige av dei tre gjenverande turneringane. Her blir det spennande å følge med!

Fil: Spelarranking per 07.09.2021

Groruddalen Petanque Klubb festar grepet om samanlagtsigeren, og har med sine 1135 poeng eit svært stort forsprang ned til resten av konkurrentane. Faktisk har GPK tatt omlag kvart tredje rankingpoeng denne sesongen! 

Holmestrand Petanqueklubb gjorde det godt under NM Trippel Mix på heimebane, og med sine 573 poeng kan det sjå ut som om dei jaktar på Stord Petanqueklubb sin andreplass, som no er på 665 poeng. Det spørs likevel om HPK heller skal passe på Oslo Petanque Club som jaktar pallplass med sine 538 poeng. 

Fil: Klubbranking per 07.09.2021