Ranking 2021 | Status inn mot hausten

18.08.2021

Sommarferien er over, landslag har kvalifisert seg, mange har trena godt og enno fleire har trena for lite. Ein ting er uansett sikkert, no startar haustsesongen! 

Framleis er det mange rankingpoeng som skal delast ut, og ingenting er avgjort enno, men me unnar oss eit lite djupdykk i tabellane for å gjere opp status. 

Åpne rankingtabell: Spelarranking per 18.08.2021

På spelarrankinga er det framleis svært tett i toppen, men me ser at ei lita tetgruppe held på å stikke frå resten av feltet. Øverst finn me Bastien Testaniere med 124 poeng, medan Benny Bel-Lafkih pustar han tett i nakken med sine 120 poeng. Dei to gode klubbkameratane i Groruddalen Petanqueklubb deltek i svært mange turneringar, både saman og kvar for seg, og har røska med seg det dei kan av poeng. Vil dei klare å halde oppe den samme spelefrekvensen ut over hausten? Me ser fram til ein vanvittig duell der kvar turnering vert avgjerande!

Ikkje langt bak finn me nok eit felt med spelarar. På tredjeplass følger Charlotte Jayer med 114 poeng, etterfulgt av Gabriel Gjengstø Bel-Lafkih med 111 poeng og Ranu Homniam med 105 poeng. Løpet er langt i fra køyrd for desse spelarane, som alle spelar for GPK.

Neste spelar på lista er den rutinerte og meritterte spelaren Robert Pettersen, også han frå GPK, med 71 poeng. Det er altså eit godt stykke opp til topp-5, men med åtte turneringar att på terminlista skal det være mulig å hente inn forspranget. Ingenting er avgjort!

Ekstra stas er det å sjå at det framleis er spelarar som tar sine første rankingpoeng, så langt ut i sesongen! Sondre Røste Kise tek sitt første poeng under Seksjonen Surprise Trippel, og pilene peikar berre oppover for denne unge, lovande spelaren! Dette rankingpoenget vart nok langt i frå hans siste.

Åpne rankingtabell: Klubbranking per 18.08.2021

Etter at Stord Petanqueklubb lånte ledertrøya eit lite øyeblikk etter NM på Bildøy er no ledelsen trygt planta tilbake hos Groruddalen Petanqueklubb. Austlendingane har satt inn eit ekstra gir, og ligg no på heile 838 poeng! Spranget ned til Stord Petanqueklubb650 poeng er stort, men ikkje umulig. Kanskje vil det likevel allereie no være mulig å spå kven som stikk av med førsteplassen på klubbrankinga? 

Kampen om tredjeplassen er svært tett. Holmestrand Petanqueklubb ligg på 442 poeng, medan Oslo Petanque Club følger tett bak med 425 poeng. Det er store summar i sving på kvar turnering, så her er alt fortsatt åpent. Ikkje ein gong SPK sin andreplass er trygg, då både OPC og HPK arrangerar fleire turneringar dei kommande vekene, i tillegg til NM i Mix Trippel i Holmestrand. Om desse klubbane klarar å mobilisere og få plass mange deltakarar vil tabellen fort kunne sjå heilt annleis ut før me gjer opp status om eit par veker. Her er det berre å henge i!

Hamar og Elverum Petanqueklubb er vårt nyaste tilskudd, og det er svært stas å sjå at dei hankar inn rankingpoeng allereie i si første turnering! 

Det er framleis lenge att av sesongen, og ingen ting er avgjort!