SPK til Europacup i Frankrike

Europacup for klubblag vart arrangert 5. – 9. november i Boulodrome du Douaisis, Sin le Noble i Frankrike. Noreg hadde si kvalifisering i august, der fire klubbar vart representert. Stord Petanqueklubb (SPK) vann denne, og representerte for første gong Noreg i Frankrike.
SPK sitt lag var: Viljar Lavik Losnegård, Magnus Lavik Losnegård, Tore Roth Blokhus, Odd Kvarme, Rune Bekkevold, Harald Gjøsæther, Anne Hagerup Gjøsæther, Sissel June Lekven Larsen og Per Vidar Johannesen.
Coach: Lars Hovland Sleenn
Delegat: Lisbeth M. Johannesen
Support/fotograf: Jarle Larsen
SPK var på plass onsdag ettermiddag og kveld og fekk sjå og prøve det enorme anlegget som Boulodorme du Douaisis er. Imponerande! Dei 32 deltakande laga vart presentert, og trekning for første runde vart gjort. Norge vart trekt mot Monaco, og det vart klart at første oppgjer skulle spelast på Centre Court, og streamast av arrangør!
Det vart spelt 4 innleiande rundar, 2 kvar dag torsdag og fredag. Laurdag vart det 1/8 dels og ¼ finale i EuroCup og FedCup, søndag semi og finale.
Resultat innleiande:
Runde 1: Monaco – Noreg
Monaco var ein av favorittane, og kom til slutt til semifinale i EuroCup. Det var kjekt å spele mot desse, og å få kjenne på nivået så tidleg i turneringa.
Singel: Monaco vinn 6 av 6 kampar, 13-7, 13-2, 13-6, 13-5, 13-4, 13-9
Dobbel: Monaco vinn 2 av 3, 13-5 og 13-2. Noreg vinn mix 13-7
Trippel: Monaco vinn 13-6 og 13-8
Monaco vinn 28:3

Runde 2: Czech Rep – Norway
Tsjekkia stilte med eit ungt lag, med gode spelarar. Dette var ein kamp mot eit betre lag, men med fleire gode einskildkampar.
Singel: Noreg vinn 2 av 6: 13-2 og 13-10. Tsjekkia 4 av 6: 13-10, 13-7, 13-5 og 13-7
Dobbel: Noreg vinn ein dobbeltkamp 13-11, Tsjekkia 2 kampar 13-0 og 13-0
Trippel: Tsjekkia vinn ein 13-0, Noreg ein 13-11
Tsjekkia vinn 19:12
Runde 3: Norway – Polen
Polen stilte også med eit veldig solid lag, og trass godt spel møtte ein overmakt her.
Singel: Noreg vinn damesingel 13-7 og ein til 13-10. Polen vinn 4 av 6: 13-4, 13-7, 13-3 og 13-7
Dobbel: Noreg vinn ein 13-2, Polen to 13-3, 13-7
Trippel: Polen vinn begge 13-4 og 13-8
Polen vinn 24:7
Runde 4: Norway - Jersey
Etter fleire tøffe kampar, fekk me resultatmessig vind i segla mot Jersey, som også spelte mykje god petanque. Denne gongen kjem SPK ut på topp.
Singel: Noreg vinn 4 av 6: damesingel 13-5, 13-4, 13-6, 13-7. Jersey to: 13-8 og 13-5
Dobbel: Noreg vinn ein 13-7, Jersey to 13-11, 13-9
Trippel: Noreg vinn begge 13-4
Noreg vinn 21:10
Med desse resultata var Noreg og SPK vidare til FedCup. Der vart første møte mot Ukraina. Må seiast at det gjer litt ekstra inntrykk i desse dagar å møte dei. Ein fin gjeng, som er optimistiske tross alt.
FedCup
1/8 delsfinale: Ukraine – Norway
Singel: Noreg vinn 5 av 6: 13-8, 13-4, 13-8, 13-11, 13-9. Ukraina ein 13-6
Dobbel: Noreg vinn 2 av 3: 13-11, 13-11. Ukraina ein 13-3
Trippel: vart ikkje spelt, då Ukraina ikkje kunne få nok poeng til å vinne oppgjeret.
Noreg var da vidare til ¼ finale mot vårt naboland Danmark i FedCup
1/4 finale: Denmark – Norway
Det er rart med de små ting, men det var godt å kunne snakke og forstå kvarandre , etter mange dagar med utfordringar spesielt på fransk.
Singel: Noreg vinn to av 6, og igjen er damesingel ein av desse 13-9. Den andre 13-7. Danmark vinn 13-7, 13-8, 13-4 og 13-6
Dobbel: Danmark vinn alle: 13-11, 13-4 og 13-5
Danmark vinn da 17:4, og Noreg kan ikkje ta dei igjen. Tripplane vart ikkje spelt.
Stord petanqueklubb har for fyste gong delteke på Europacup for klubblag. Sjølvsagt kunne vi ønske oss betre resultat, at me kunne fått ut meir av det me opplever me har som potensial. Samstundes så er dette eit nivå me ikkje møter ofte, og me vinn kampane me bør vinne og taper mot betre lag. Me sit att med mange erfaringar, opplevingar og kjekt spel. Det å vera ein del av eit stort arrangement med 32 ulike nasjonar, dei beste, sjå og læra.
Til tross for utfordringar med språket, klarte me oss godt. Sjåførane våre var fantastiske, køyrde oss til og frå. Og då toget heim var forsinka frå Douai til Ville, køyrde dei oss heilt dit! Service!
Fleire bilete:

