Stord best i Bergen

Etter eitt års pause var det igjen klart for rankingturnering i Bergen, og mykje var ved det vande: Igjen møttest me på banane på Flaktveit. Igjen var startfeltet dominert av vestlandsklubbar og -spelarar. Igjen var det trippel laurdag og dobbel sundag. Og igjen regna det. Ikkje pøsregn heile tida, men det skal liksom regna litt når det er turnering i Bergen. Men alt var ikkje som det brukar å vera.
Det skal og må nemleg nemnast at det vart ei spesiell ramme rundt 7-fjellsturneringa i år. Fredag 28. august gjekk Kong Harald V bort, og landet og idretten inn i ein nasjonal sørgeperiode. Fleire større idrettsarrangement vart avlyste, men det store fleirtalet av breiddearrangement vart gjennomførte, då på ein nedtona, verdig og respektfull måte. Det håpar og trur BPK at me lukkast med i helga. Kanskje var det jamvel noko ekstra passande med at det var dei mindre og mange arrangementa som gjekk vidare som planlagt, og at den norske breiddeidretten på denne måten fekk heidra den idrettskongen som Kong Harald V var. Me lyser fred over minnet hans.
Laurdag spelte me trippel, og deltakarlaga vart delte inn i to grupper som skulle kjempa om avansementet direkte til semifinalane. Trekningsgudane ville det slik at alle Fusa-laga hamna i den same gruppa, og den oransje bølgja vart til slutt for overveldande for det eine BPK-laget i gruppa. Best av alle var Viggo, John og Gisle, som tok seg vidare saman med Mari, Kurt og Jarle, som dei nedkjempa i det innbyrdes oppgjeret. Eitt feilskjer vart det rett nok på dei elles solidspelande karane – og det må protokollførast, Viggo – for ungdommane Dennis, Emil og Tommy fekk has på dei med 13-8.

I den andre gruppa var Harald, Anne og Per dominerande, og dei peika seg tidleg ut som favorittar til å vinna heile turneringa. Tøffast motstand fekk dei av Roger, Rune og Knut Jarle, som dei då òg fekk med seg vidare frå gruppa. Karmøy Petanqueklubb – som stilte med éin spelar denne dagen – fekk med det vidare heile kontigenten til semifinale, og Knut Jarle plaga motstandarar med millimeterpresis legging heile dagen.
I semifinalane vart det stopp for dei oransje frå Fusa, sjølv om Viggo, John og Gisle var tett på:
Harald, Anne og Per vs. Mari, Kurt og Jarle 13-4
Viggo, John og Gisle vs. Roger, Rune og Knut Jarle 9-13

Finalen vart òg jamspelt, og det såg ei stund ut til at Roger og co hadde los på den revansjen han hadde førehandsmeldt etter at semifinalesigeren var sikra. Når det skulle avgjerast, viste deg seg likevel at det hjelper å reisa land og strand rundt og spela mykje petanque, og Harald, Anne og Per vart eit knepp for sterke. 13-8 og ein fortent triumf for dei dyktige SPK-spelarane, som med det verkar å vera i rute til e-cupdebuten i november.

Resultatliste, trippel
1 Harald Gjøsæther, Anne Gjøsæther, Per Vidar Johannesen (SPK)
2 Rune Solevåg (SPK), Roger Thiger (SPK), Knut Jarle Nes (KAP)
3 Mari Gjøn Furubotn (FUS), Kurt Furubotn Gjøn (FUS), Jarle Larsen (SPK)
3 Gisle Hjelmen, Viggo Furubotn, John Ersland (FUS)
Øvrige lag:
Sissel Lekven (SPK), Toini Hoel (BPK), Lisbeth M. Johannesen (SPK)
Rumen P. Angelov, Rumen R. Angelov, Gabriela R. Angelova (SPK)
Rune Askeland, Jane Schjønningsen, Linda H. Jørgensen (BPK)
Ole Angeltveit, Robert Svensen, Per Geir Vatna (SPK)
Mari Presthus, Sigurd F. Rasmussen, Mostafa Elharrar (BPK)
Dennis S. Kalsås, Emil S. Kalsås, Tommy Strand (FUS)
Torill Pettersen, Thomas Kalsås, Charlotte Strand (FUS)




Sundag stod dobbelen for tur, og med det gruppespelsfiendtlege deltakartalet 17, vart det fire rundar swiss og åtte lag til kvartfinalar. Etter dei innleiande rundane trona fusingane Gisle og John heilt på topp, etter ein sterk 13-12-siger over andreplassplasserte Harald og Tore i siste runde. Sundag som laurdag spelte 100 % av Karmøy-spelarane seg til A-sluttspel, då Ragnar og Lise som einaste KAP-lag i korga klinka til med tre sigrar på fire kampar.

I kvartfinalane vart det likevel stopp, både før førsteseeda Gisle og John, som måtte strekkja våpen mot rutinerte Per Geir og Robert, og for Karmøy-duoen Ragnar og Lise, som møtte overmakta i Stord-damene Lisbeth og Sissel. Elles fekk Sigurd og Mostafa ein grusam revansje på Øystein og Per, medan Tore og Harald ekspederte det siste Fusa-håpet Charlotte og Thomas.
I semifinalane snakkar resultata for seg sjølve, og av og til klaffar det rett og slett betre for det eine laget enn det andre i petanque:
Tore og Harald vs. Sigurd og Mostafa 13-1
Per Geir og Robert vs. Lisbeth og Sissel 13-0

Finalen vart meir jamspelt, og Per Geir og Robert viste seg vonde å få has på for Tore og Harald. Dei greidde det likevel til slutt, med knappe 13-11. Gratulerer!
I B-sluttspelet heldt dei unge fusingane Dennis og Tommy på å gjera det heilt store, først ved å slå meir meritterte Rune og Jane klart i kvartfinalen, så ved å gje minst like rutinerte Rumen og Ole kamp til døra i semifinalen. 12-13 etter ein rysare av ein kamp. Det må ha kosta for Ole og Rumen, for i finalen vart Kjell Arne og Roger altfor sterke med 13-4.
Resultat, dobbel:
1 Tore Blokhus og Harald Gjøsæther (SPK)
2 Per Geir Vatna og Robert Svensen (SPK)
3 Mostafa Elharrar og Sigurd F. Rasmussen (BPK)
3 Lisbeth M. Johannesen og Sissel Lekven (SPK)
5 Per Johannesen (SPK) og Øystein Johannesen (BPK)
5 Ragnar Løfstrøm og Lise Løfstrøm (KAP)
5 Gisle Hjelmen og John Ersland (FUS)
5 Charlotte Strand og Thomas Kalsås (FUS)
B1 Kjell Arne Presthaug og Roger Thiger (SPK)
B2 Rumen P. Angelov og Ole Angeltveit (SPK)
B3 Dennis S. Kalsås og Tommy Strand (FUS)
B3 Sara Opheim og Toini Hoel (BPK)
Øvrige lag:
Torill Pettersen og Emil Kalsås (FUS)
Nils Lygre og Viggo Furubotn (FUS)
Mari Presthus (BPK) og Kurt F. Gjøn (FUS)
Rune Askeland og Jane Scjønningsen (BPK)
Mari G. Furubotn (FUS) og Jarle Larsen (SPK)





Me takkar for ei fin helg saman, og håpar endå fleire har lyst til å ta turen neste år. Under følgjer fleire spel- og stemningsbilete frå helga. Takk til Mari G. Furubotn for dei!







