Sommarøyo i Vestlandsvær

Årets utgåve av Sommarøyo Open vart arrangert 25 og 26 Juli. Oppskrifta var den same som tidlegare år, med lisensfri dobbel Laurdag og ranking single Sundag.
I år var arrangementet flytta opp til stordfjellet, i godt samarbeid med restauranten Fjellstova som stod for mat og drikke undervegs.
Til start var det påmeldt 51 dobbellag og artig nok 51 spelarar til singleturneringa. Fleire av laga til dobbelen inneholdt heilt nye spelarar, noko som er veldig kjekt. I tillegg er det stas med tilreisande spelarar frå andre klubbar og i år kom som vanleg ein stor delegasjon frå naboklubben FUSA, samt spelarar frå Bergen og Holmestrand. Ein lyt og nemne Thomas Voigt og Heinz Stutzig, begge frå Tyskland. Dei er på tur gjennom Noreg og Sverige, deltok begge dagar under Sommarøyo og dukkar nok opp på nokre av dei føreståande rankingturneringane.

Trass at me var på Sommarøyo, vart det eit drøyt vær. Særskilt Laurdag var det enorme mengdar regn. Petanquefolk er dog jamnt over positive, trass utfordringar. Dagen vart dryg, og ein var ikkje i mål før klokka var kvart over tre på natta. Men då hadde ein lukkast med å få seierslag i dei mange ulike sluttspela:
Vinnar: Lars & Magnus (SPK)
Andreplass Per & Johnny (SPK & HPK)
Nestenvinnar Arild & Viljar (SPK)
Nestenvinnar 2 Jarle & Emil (SPK & FUSA)
Vinnar B Per Geir & Jarle (SPK)
Andre B Harald & Anne (SPK)
Vinnar C Fabien & Axel (SPK)
Andre C Tore & Øystein (SPK & utan klubb)
Vinnar D Elise & Alva (SPK & FUSA)
Andre D Thomas & Charlotte (FUSA)
Vinnar E Rune & Jane (BPK)
Andre E Roger & Dag Otto (SPK)
Vinnar F Pål & Jean (SPK)
Andre F Linda & Andrew (SPK)
Vinnar G John & Viggo (FUSA)
Andre G Svein Inge & Carsten (Utan klubb)





Noko betre vær vart det Sundag, og me fekk til og med periodar med sol. Laurdagsetappen hadde nok kosta krefter og motivasjon, så det var 45 spelarar til start (ned frå 51).
Det vart SPK dominans denne dagen, men med ein outsider som vinnar til slutt. Joachim Tharaldsen gjekk heilt til topps etter imponerande og jamnt spel gjennom heile dagen. Harald Gjøsæter vart overvunne i ein spanande finale.
Fabien Chaon, som har vunne Sommarøyo si singleturnering dei to siste åra, måtte i år ta til takke med ein tredjeplass. Den delte han med Per Vidar Johannesen.
1. Joachim Tharaldsen SPK
2. Harald Gjøsæter SPK
3. Fabien Chaon SPK
3. Per Johannesen SPK
Kjekt var det, og neste år køyrer me på nok ein gong. Då i strålande sommarvær!




Resultatliste Sommarøyo Single:
A
1. Joachim Tharaldsen SPK
2. Harald Gjøsæther SPK
3. Per Vidar Johannesen SPK
3. Fabien Chaon SPK
5. Per Geir Vatna SPK
5. Tore Blokhus SPK
5. Rune Bekkevold SPK
5. Øystein Johannesen BPK
9. Jean Espic SPK
9. Johnny Skjørberg HPK
9. Charlotte Strand FUSA
9. Viljar Losnegard SPK
9. Thomas Voigt BC Tuttlingen (Tyskland)
9. Anne Gjøsæther SPK
9. Mari Gjøn Furubotn FUSA
9. Axel Chaon Øren SPK
B
1. Are Rystad HPK
2. Lisbeth Johannesen SPK
3. Heinz Stutzig BBBC Singen (Tyskland)
3. Silje Ersland SPK
