Dameturnering Vest 24. januar 2026

26.01.2026

For 3. gong vart «Dameturneringa Vest» arrangert på Stord, i Litlabøhallen. Og denne gong  sette me rekord med heile 38 flotte damer, frå juniorar til godt vaksne veteranar. Tre generasjonar var representert, og det var også gledeleg at me hadde mange som representerte dei «midt på treet». Vestlandsklubbane Bergen, Fusa, Karmøy og Stord var alle representerte i turneringa.

Tradisjonen tro vart alle ynskt velkomen med noko godt i glaset, informasjon og nokre velkomstord. Ein personleg helsing til kvar, med innhald som er godt å ha i ein petanqueveske: våtserviett, varmepose, New energi og gris.

Spilleoppsettet i år vart noko annleis, da banane våre berre taklar 24 spelarar om gongen. Det vart 7 kampar fordelt på to rundar, med kampar på 35 minutt. Laga vart trekt mellom kvart kampoppgjer, og det vart totalt spilt 4 kampar for alle. Det vart spanande oppgjer på banen, og mykje lott og løye for dei som hadde pause. God stemning til tross for at temperaturen i periodar var betre i sola ute enn inne i hallen. Matpause med pizza vart det også.

Etter at alle kamper var spilt, og alle poeng var talt opp, var det to som hadde 4 seier. Toini Hoel hadde best score og vant, men Anita Magnussen vart ein sterk nr. 2. Gratulerer!

Det vanka nokre trøystepremiar i år også, som ble trokke blant alle deltakarane.

Me ser at arrangement som dette er viktig! Her kjem me saman unge og «gamle», rutinerte spelarar og dei som ikkje har vore med før. Her knytter me nye venskap i og på tvers av klubbar. Samstundes vert det kjekkare og tryggare å kunne møtast i seinare turneringar. Tilbakemeldingane er gode og eg siterer ein kommentar på sida vår:

«Disse samlingene prioriteres høyt. Tusen takk til alle som gjør en fantastisk jobb med å få det hele i stand. Og til alle som deltar. Her er vi sammen uansett hvor lenge vi har spilt, hvordan vi kaster og hvor gamle vi er. Gode fellesskap er gull verd!»

Ingen tvil om at det vert tradisjon! – Og nokre gangar er det greitt å berre vera oss damene.

Takk til alle de fine som kom, deltok og var med å gjera dagen så flott!

 

Foto: Linda Straume, Mari Gjøn Furubotn, Linda Hoel Jørgensen

Tekst: Lisbeth M. Johannesen