NM-helgen 2025 | Nye noregsmeistrar i Bergen

NM Trippel Mix
På dag éin av NM-helga samla 18 trippel mix-lag seg på dei tidlegare utskjelte – men no nyrenoverte og meir steinete – banane på Flaktveit utanfor Bergen. Nye noregsmeistrar skulle kårast, og der somme ynskte å byggja vidare på suksessar frå Fredrikstad, stilte andre opp meir revansjelystne etter ein meisterskap under forventning.
Innleiingsvis vart det spelt fire rundar swiss, og åtte lag skulle vidare til kvartfinale. Nytt av denne NM-helga, var at turneringa vart køyrt ved hjelp av Petanque Tournament App. Dette gjorde gjennomføringa effektiv, samstundes som det for dei ivrigaste supportarane gjekk an å følgja heile turneringa live kamp for kamp. Frå arrangøren si side var i alle fall det ei positiv erfaring.
Positivt for arrangørklubben var det òg at det var eit heimelag som trona aller øvst på tabellen etter dei innleiande rundane. Toini Hoel, Mostafa Elharrar og Jon Larsen kunne rapportera om varierande spel i dei første kampane, men etter å ha sigra stort over Tore Blokhus, Odd Kvarme og Sissel Lekven frå Stord Petanqueklubb i den siste kampen, melde dei at forma verka å vera i anmarsj. Alle laga som hadde reist over fjellet for å kjempa om NM-gullet tok seg òg vidare til kvartfinalar, og med det var alle førehandsfavorittane framleis med. Den store overraskinga var kan henda at familielaget Angelov(a) tok seg vidare, og det gjorde dei jamvel på imponerande vis: siger i tre av fire kampar – i den siste mot Gunvor, Ranu og Bjørn frå GPK – og tredjeplass totalt i innleiande. Imponerande av Rumen, Rumen og Gabriela.
I kvartfinalane vart det stopp for Team Angelov(a) mot klubbkameratane Harald, Anne og Rune frå Stord Petanqueklubb. Heimelaget frå Bergen heldt òg dampen oppe med siger i ein jamn kamp mot Holmestrand-laget Johnny, Are og Heidi, medan Tore, Odd og Sissel ikkje fekk det til mot Benny, Eli og Rune. I den siste kvartfinalen vart det òg GPK-siger, då Gunvor, Ranu og Bjørn slo OPC-gjengen Marius, Camel og Line.
Begge semifinalane var velspelte og vart relativt jamne, og jamnast vart det mellom Eli, Benny og Rune og Harald, Anne og Rune. Laget frå Stord var småirriterte på seg sjølv etterpå, då dei ikkje heilt hadde fått skytinga til å stemma – det som kanskje skulle vera deira forse – men for enkelte av medlemmane på laget skulle skyteforma i alle fall koma snikande etter ei natts søvn. Der det vart austlandssiger i den eine, skulle det bli vestlandssiger i den andre semifinalen, og Toini, Mostafa og Jon tok seg vidare til finale på overtydande vis mot Gunvor, Ranu og Bjørn.
Det vart ingen medaljar til Bergen Petanqueklubb i Fredrikstad, og no var den første for året sikra. Kunne det bli gull? Etter å ha kome skikkeleg bakpå med 4-0 etter den første grisen, var det ting som tyda på at heimelaget meinte alvor då dei på dei neste grisane henta opp heile forspranget. 4-4 og kamp igjen. Men for alle med hjarta i Bergen, vart det med dei fire poenga, og frå 4-4 og ut var medaljegrossistane frå Groruddalen rett og slett betre. I NM i Fredrikstad rauk dei 13-12 mot nesten det same laget i åttandedelsfinalen, men i Bergen fekk dei sin revansje: 13-4, og dei nye noregsmeistrane i trippel mix heiter Eli Gjengstø, Benny Bel-Lafkih og Rune Kristoffersen. Gratulerer!
Resultat:
(NB! Dei aller mest interesserte kan framleis gå innpå lenka og sjå resultata i alle kampane frå turneringa her: https://petanque.tournament.app/live/nmhelga2025)
1. Eli Rachel Gjengstø, Benny Bel-Lafkih, Rune Kristoffersen (GPK)
2. Mostafa Elharrar, Toini Hoel, Jon Sæbø Larsen (BPK)
3. Gunvor Berge, Ranu Homniam, Bjørn Vidnes (GPK)
3. Harald Gjøsæther, Anne Gjøsæther, Rune Bekkevold (SPK)
5.-8. Johnny Skjørberg, Are Rystad, Heidi Skjørberg Nilsen (HPK)
Marius Wang, Camel Benkheira, Line Eliassen (OPC)
Rumen Petrov Angelov, Rumen Rumenov Angelov, Gabriela Angelova (SPK)
Tore Blokhus, Odd Kvarme, Sissel Lekven (SPK)
9. John Ersland, Maya Emilie Bugge Furubotn, Viggo Furubotn (FUS)
10. Silje Ersland, Magnus Ersland, Roger Thiger (SPK)
11. Viljar Losnegard, Per Vidar Johannesen, Lisbeth Merete Johannesen (SPK)
12. Charlotte Strand, Thomas Kalsås, Emil Strand Kalsås (FUS)
13. Stein Sigurd Sele, Anita Sagvaag, Jarle Larsen (SPK)
14. Mari Gjøn Furubotn, Kurt André Furubotn Gjøn, Gisle Hjelmen (FUS)
15. Rune Solevåg, Margit Olava Tveito, Per Geir Vatna (SPK)
16. Rune Askeland, Jane Schjønningsen, Linda Hoel Jørgensen (BPK)
17. Ole Angeltveit, Kjell-Olav Flatmo, Elise Helland (SPK)
18. Alva Marie Bugge Furubotn, Viljar Kolnes Knutsen, Sissel Urhaug (FUS)
NM Presisjonsskyting
På dag to flytta startfeltet seg frå periferien og inn til eit akkurat stort nok grusfelt utanfor Kulturhuset Danckert Krohn i Bergen sentrum. Her var tre skytematter lina opp, og vêrgudane velsigna oss framleis med godt vêr – sjølv om dei 28 deltakarane nok ikkje såg det som utelukkande positivt å skyta rett mot den skarpe augustsola. Oppsettet var enkelt nok: Alle skyt ein full runde på totalt 20 skot. Dei fire beste går direkte til kvartfinalane, medan dei 12 neste skyt ein ny full runde for å avgjera kven som skal fylla dei siste fire kvartfinaleplassane.
Om det var sola, krevjande underlag eller NM-nerver skal ikkje seiast sikkert, men mange av deltakarane skaut kan henda litt lågare poengsummar enn dei hadde rekna med eller håpa på i kvalifiseringa. Aller best var uansett Camel Benkheira (29p), ein av førehandsfavorittane, og med seg direkte til kvartfinalane fekk han Benny Bel-Lafkih (22p) – som gjekk frå ei moderat til ei særs god plassering ved å skyta ut begge dei to siste grisane – og Harald Gjøsæther (22p) og Gisle Hjelmen (26p) – to skyttarar det har gått rykte om at har trent godt, spesifikt og med imponerande resultat inn mot akkurat denne tevlinga.
I omskytinga var det fleire som fekk opp dampen, og aller best gjorde Øystein Johannesen (27p), Bjørn Vidnes (25p), Ranu Homniam (21p) og Rune Askeland (21p) det. Særleg gledeleg må det seiast å vera for arrangørklubben frå Bergen, som etter sølvsuksessen frå gårsdagen igjen hadde spelarar som konkurrerte om medaljane.
Medaljevinden løya likevel fort for karane frå BPK, for begge gjekk på tap for dei to andre vestlendingane i feltet i kvartfinalane. Særleg nært var det for Rune Askeland, som måtte ut i ekstraskot mot Gisle Hjelmen, og her var det Gisle som heldt hovudet kaldast. Med det sikra han ikkje berre sin første NM-medalje, men òg Fusa Petanqueklubb sin første medalje, og det blir heilt sikkert ikkje den siste – verken for Gisle eller Fusa. I «austlandsduellane» fekk me ein skikkeleg fight mellom to av førehandsfavorittane i Ranu Homniam og Camel Benkheira, og her var det til slutt Camel som kunne strekkja hendene i vêret, sjølv utan å ha fyrt av skot på grisen frå 9 meter. I det reine GPK-oppgjeret, trekte Bjørn Vidnes det lengste strået mot fjorårsvinnar Benny Bel-Lafkih.
Benny Bel-Lafkih – Bjørn Vidnes 14-24
Rune Askeland – Gisle Hjelmen 16-16, omskyting på 7 meter: 0-3
Ranu Homniam – Camel Benkheira 24-25
Øystein Johannesen – Harald Gjøsæther 21-26
Det skulle visa seg at det var i semifinalane dagens høgaste poengsum skulle koma, og den var det Harald som stod for. Camel tangerte sine 29 poeng frå kvalifiseringa, men det var ikkje nok når Harald drog 32 poeng opp av hatten i det han like etterpå kalla ein «skikkeleg runde». Summane var ikkje like høge i den andre semifinalen, men nerven og spenninga varte heile oppgjeret ut, før Bjørn kunne sleppa jubelen laus.
Bjørn Vidnes – Gisle Hjelmen 18-14
Camel Benkheira – Harald Gjøsæther 29-32
Sjølve finalen vart spanande og intens, og det at ingen av spelarane fekk inn like mange treffarar som tidlegare på dagen, viser nok kor krevjande det er å gjenskapa gode prestasjonar når det står eit gull på spel. Dei bytta på å leia, men det var til slutt Harald som greidde å tvinga fram ein ekstra treff då det gjaldt som mest, og han er med det den nye noregsmeisteren i presisjonsskyting. Me gratulerer!
Harald Gjøsæther – Bjørn Vidnes 15-14
Kvalifiseringsresultat:
Direkte til kvartfinale:
Camel Benkheira: 29
Gisle Hjelmen: 26
Benny Bel-Lafkih: 22
Harald Gjøsæther: 22
Til omskyting:
Rune Askeland: 21+21=42
Ranu Homniam: 21+21=42
Mostafa Elharrar: 20+15=35
Bjørn Vidnes: 19+25=44
Øystein Johannesen: 17+27=44
Rumen Petrov Angelov: 17+11=28
Gunvor Berge: 16+9=25
Rune Bekkevold: 16+7=23
Johnny Skjørberg: 16+22=38
Lisbeth Merete Johannesen: 16+17=33
Odd Kvarme: 15+10=25
Rune Kristoffersen: 13+14=27
Eli Gjengstø: 13+6=19
Slått ut:
Jim Roger Pettersen: 11
Marius Wang: 11
Heidi Skjørberg Nilsen: 11
Toini Hoel: 10
Are Rystad: 10
Per Vidar Johannesen: 9
Anne H. Gjøsæther: 8
Torgeir Johannesen: 6
Mari Presthus 6
Emil Strand Kalsås: 3
Andrew Nyoni: 2
Endeleg resultat:
1. Harald Gjøsæther (SPK)
2 . Bjørn Vidnes (GPK)
3 . Camel Benkheira (OPC)
Gisle Hjelmen (FUS)
5.-8. Rune Askeland (BPK)
Ranu Homniam (GPK)
Benny Bel-Lafkih (GPK)
Øystein Johannesen (BPK)
9. Johnny Skjørberg (HPK)
10. Mostafa Elharrar (BPK)
11. Lisbeth Merete Johannesen (SPK)
12. Rumen Petrov Angelov (SPK)
13. Rune Kristoffersen (GPK)
14. Gunvor Berge (GPK)
Odd Kvarme (SPK)
16. Rune Bekkevold (SPK)
17. Eli Gjengstø (GPK)
18. Jim Roger Pettersen (KAP)
Marius Wang (OPC)
Heidi Skjørberg Nilsen (HPK)
21. Toini Hoel (BPK)
Are Rystad (HPK)
23. Per Vidar Johannesen (SPK)
24. Anne H. Gjøsæther (SPK)
25. Torgeir Johannesen (SPK)
Mari Presthus (BPK)
27. Emil Strand Kalsås (FUS)
28. Andrew Nyoni (KAP)
Turneringsleiinga melder elles om at avviklinga gjekk så godt som knirkefritt begge dagar, og me var ferdige i god tid før sola gjekk ned. Kiosken var godt besøkt begge dagar, og folk verka nøgde med maten dei kunne kjøpa. Det er berre til å ta av seg hatten for dei som har smurt, bakt, grilla og laga mat denne helga. Særleg gledeleg er det òg at ein del blei verande for å sjå kvartfinalar, semifinalar og finalar. Det er viktig, og då er det ekstra kjekt både å arrangera og spela.