Nå kan DU påvirke terminlisten 2026

Til alle engasjerte spelarar og klubbar!
Terminlista er grunnlaget for all aktiviteten i petanqueåret. Me har mange flinke arrangørar og flotte turneringar. Dei siste åra har og nye klubbar kome til og teke på seg arrangøransvar. Det er flott, og gjev terminlista nye tilskot.
Kvart år får me mange tilbakemeldingar og innspel til aktiviteten og terminlista. Desse kjem ofte etter at terminlista er spikra, og då er det ikkje så mykje å gjere med det.
Nesten all aktivitet er det klubbane som står for, og alle medlemmer høyrer til i ein klubb. Om nokre veker sender me ut mail til klubbane om innspel til terminlista, så no oppmodar me alle med meiningar om å jobbe med ideane sine og ta det opp med din lokale klubb.
Då kan den kome som innspel og ynskje når me skal spikre opplegget for 2026. I tillegg tek me gjerne imot generelle meiningar om terminlista.
Korleis fungerer den no?
Er det noko du saknar?
Eller andre ting du tenker på...?
Generelle innspel kan du sende til Tore Blokhus på snillasten@gmail.com
Idear til turneringar tek du opp i klubben din, og får det evt sendt inn når ynskjene skal inn til seksjonen.
God brainstorming!