Sommar på Sommarøyo

31.07.2025

Så var fjerde utgåve av Sommarøyo Open gjennomført. Værmeldingane svinga i veka før avkast, men då helga kom var det strålande vær. Kjekt for arrangementet, for alle påmeldte og kanskje spesielt alle som campa på området. Vestlandet i sommarvær er jo herleg.

 

Sommarøyo Dobbel

Den lisensfrie turneringa laurdag fekk solid påmeldig, og me enda på ny deltakarrekord med 56 lag til start. Blant desse laga finn me heilt ferske spelarar, dei som speler iblant, ofte og nesten for mykje (om det er mogleg). Ei så stor turnering tek tid, og vegen til finale er lang. Oppsettet legg eg ved som bilete, så kan den interesserte få eit inntrykk av korleis turneringa gjekk føre seg.

Til sist var det Sigurd Sævareid og Mostafa El Harrar som gjekk av med sigeren etter 13-11 mot Tore Blokhus og Øystein Mæland. Det vart mykje skryt til Øystein som spelte Sommarøyo for andre gong, og desse to deltakelsane er det han har spela petanque. Imponerande????

Sigurd og Mostafa gjekk ubeseira gjennom dagen, og det var vel fortent at dei stod att på toppen av pallen etter lang dag på krevjande banar.

B sluttspelet vart vunne av Fusaduoen Kurt Andre Furubotn Gjøn og Gisle Hjelmen etter siger over Mari Solli Presthus og Sigurd Fjeldsgaard Rasmussen frå Bergen. C sluttspelet gjekk i år til paret Gyrid Ingeborg Astrid Lid og Odd Kvarme som slo John Ersland og Viggo Furubotn i finalen.

Sommarøyo Single

Søndag var det tradisjonen tru singleturnering og norgesranking. Her var det og solid påmelding, og 48 spelarar stilte til start. Nokre meir trøytte enn andre etter ein lang turneringsdag laurdag.

Det vart spelt gruppespel med 8 grupper og 6 spelarar i kvar gruppe. Deretter 16 til A sluttspel, og 16 til B. På krevjande banar vart det mange gode kampar, med mykje godt spel.

Dei to som meistra banane best var laurdagsvinnaren Mostafa frå Bergen Petanqueklubb og Fabien Chaon frå arrangørklubben Stord Petanqueklubb. Ein flott finale avslutta helga, og resultatet vart 13-6 til Fabien. Med dette har Fabien vunne Sommarøyo Single to år på rad, og arrangøren må kanskje vurdere ein vandrepokal for å motivere han til å komme neste år også????

Resultatliste:

1.Fabien Chaon SPK

2.Mostafa El Harrar BPK

3.Per Geir Vatna SPK

3.Magnus Losnegard SPK

5.Per Vidar Johannessen SPK

5.Sissel June Lekven SPK

5.Margit Olava Tveito SPK

5.Gisle Hjelmen FUS

9.Pål Johansen SPK

9.Lisbeth Johannessen SPK

9.Oddvar Lunde SPK

9.Maria Olsen FPK

9.Kjell Olav Flatmo SPK

9.Kurt Andre Furubotn Gjøn FUS

9.Tore Roth Blokhus SPK

9.Mari Solli Presthus BPK

B1 Are Rystad HPK

B2 Atle Straume SPK

B3 Jarle Larsen SPK

B3 Sigurd Sævareid SPK

Arrangørane er strålande nøgde med helga. Særskilt kjekt er det med tilreisande, og i år var det besøk frå Fusa, Bergen, Karmøy, Holmestrand og oslobusette Fabien og Axel Chaon.

Axel er del av ei anna gruppe me sett veldig pris på. Denne helga hadde me seks deltakarar under 18 år. - Axel Chaon - Sanna Johansen - Ulrik Guerfi Larsen - Alva Furubotn - Emil Kalsås - Viljar Knutsen I

kkje bare deltek dei, men dei speler godt.

Det er vidare stas at dei faste spelarane møter opp, saman med den store gruppa ikkje-aktive som kjem å speler med oss. Så me set rett og slett stor pris på alle som var med denne helga. Alle bidrog til god stemning og ei vellukka helg!

 

På vegne av arrangør, Tore Blokhus