Info: NM Trippel Mix og Presisjonsskyting i Bergen

Det nærmar seg ein månad sidan NM i Fredrikstad, og med det er neste moglegheit til NM-medaljar berre ein månad unna. Øvingane er trippel mix på laurdag og presisjonsskyting på sundag, og denne gongen samlast me på Vestlandet, med Bergen Petanqueklubb som teknisk arrangør.
Meisterskapet blir spela 23. og 24. august.
Kvar?
Det siste først, for me er særleg nøgde med å ha fått på plass eit sentrumsalternativ for presisjonsskytinga. I 2020 skulle heile NM vore heldt på Festplassen - midt i hjarta av byen - men pandemien sette ein stoppar for det. Då er det i alle fall eit lite plaster på såret å få éi NM-øving i gangavstand frå alt - nærare bestemt utanfor Kulturhuset Danckert Krohn.
Alle som ynskjer kan melda seg på øvinga, og kvalifiseringa går føre seg på staden, akkurat som i Fredrikstad i fjor.
Trippeløvinga laurdagen vil gå på Flaktveit, der fleire av rankingturneringane til BPK har blitt arrangert dei siste åra. Nytt av i år er likevel at me har fått lov til å gjera noko med banane, så om nokon synest det har vore for enkelt å få kulene til å stoppa der dei ynskjer tidlegare, kan me lova at det blir verre å få til denne gongen.
Det er mykje parkering på staden og gode bussamband ut til Flaktveit (buss nr. 4).
Speleformer
Laurdag Trippel Mix: Oppsett etter lag
Sundag Presisjonsskyting: Kvalifisering + sluttspel
Mat
Det blir kiosk med moglegheiter for å bestilla varmmat begge dagar.
Påmelding
Påmeldingsskjema finn du her.
Blir sendt inn klubbvis av klubbleiarar til arild.skjaeveland@nif.idrett.no. Hugs å skriva i riktig format, slik skjemaet ber om.
Det blir fakturert 200 kroner per spelar per øving. Alle må ha gyldig heilårslisens for å delta i NM.
Påmeldingsfrist: 17. august kl. 18.00.
Overnatting
Det beste er å finna hotell i sentrum, då det gjer det enkelt å koma seg til spelestaden med offentleg transport (eller bil) laurdagen og til fots sundagen.
For dei som vil overnatta i bubil, er det mogleg å stå på Flaktveit fredag til laurdag og laurdag til sundag.
Parkering
Gratis parkering ved Flaktveithallen laurdag, parkeringshus i sentrum sundag. Bergen bystasjon er nærast og enklast.