NM 2021 Dobbel Åpen: Norgesmesterskapets høgaste jubelbrøl kom på NMs siste dag!

28.06.2021

I strålande solskin utan ein dråpe frå himmelen vart det kåra to nye noregsmeistarar i dobbel åpen. 33 lag delt inn i Y grupper

I gruppe A innfridde førehandsfavorittane Gildas Mevel og Momo Zahri med full pott. Enver Zecic og Goran Balic vann alt i gruppe B, og fekk med seg NM-debutantane Andrew Nyoni og Gift Goronga til sluttspelet.

Det var ingen overrasking at Robert Pettersen og Bastien Testaniere, Sven Kolstad og Jean Jaques Razaka, Gabriel G. Bel-Lafkih og Jean Espic samt Max Carlström og Marius Wang tok seg vidare frå gruppe C og D. Dette til trass for at Yngve Kirkerød frå Bergen Petanqueklubb gjekk høgt ut allereie under NM Veka i Stavanger, heilt tilbake i 2019: "Jeg skal spille med Mostafa i NM på hjemmebane. Dette må bare bli bra!". Det gjekk ikkje heilt som dei hadde håpa, men ein siger fekk dei med seg, i siste gruppespelskamp.

Gunvor Berge og Bjørn Vidnes feia alle av banen i gruppe E, og fekk Gisle Hjelmen og Bagher Portazedi med seg vidare. I gruppe F hadde Tore Blokhus og Odd Kvarme, og Mike Reddington og Eivind Sakseid frå Stord allereie sikra seg vidare spel før dei møttes i siste kamp. Der viste Odd og Tore seg for sterke – og viste tidleg at dette var ein dag der ting fungerte.

Under fjorårets NM i Sandefjord storspelte Camel Benkheira og Svein Bruu frå Oslo Petanque Club, og tok seg heilt til finalen. I årets NM stilte dei igjen som lag, men denne gong vart det ingen finalespel. Johnny Skjørberg og Bjørn Arne Nordhagen frå Holmestrand og Magnus og Viljar Losnegard frå Stord Petanqueklubb tok dei to plassane til sluttspelet.

Youssef Taoubane og Simo Menzhi frå Groruddalen (bildet over) gjorde kort prosess i gruppe H, og fekk med seg vertsklubbens duo Toini Hoel og Hadi Khaddaj. I gruppe I var Benny Bel-Lafkih og Lars Storaker Bruu store førehandsfavorittar, og skuffa ikkje. Dei vann «dødens gruppe» framfor Sigurd Sævareid og Christopher Kvarme frå Stord. Rune Kristoffersen og Marius Breimo måtte sjå at håpet om sluttspel røyk, men Breimo hadde i det minste ein Kongepokal i bagasjen.

Benny og Lars suste gjennom sluttspel fram til klubbduell i semifinalen mot Gabriel og Jean. I singelen var det far som stakk av med gullet. Difor hadde nok Gabriel noko ekstra motivasjon for dette møtet. Yngstemann vann, og sikra sin plass i finalen. Der var Holmestrand-duoen Skjørberg og Nordhagen motstander, etter å ha slått ut Youssef og Simo på imponerande vis i semifinalen.

Johnny Skjørberg og Bjørn Arne Nordhagen fra HPK trua GPKs Jean Espic og Gabriel Gjengstø Bel-Lafkih i finalen, men taktikken lykkes og nervene holdt: 13-10 til sistnevnte duo.  Då kunne det høgaste jubelbrølet i Norgesmesterskapet sleppast laus!

 

NM Dobbel Åpen

27. juni 2021, Bildøy

1. Gabriel Gjengstø Bel-Lafkih og Jean Espic, GPK

2. Johnny Skjørberg og Bjørn Arne Nordhagen, HPK

3. Benny Bel-Lafkih og Lars Storaker Bruu, GPK

3. Simohamed Menzhi og Youssef Taoubane, GPK 

5. plass
Rune Bekkevold og Harald Gjøsæter, SPK
Max Carlström og Marius Wang, OPC
Gunvor Berge og Bjørn Vidnes, OPC
Tore Blokhus og Odd Kvarme, SPK

9. plass
Enver Zecic og Goran Balic, BFII
Sigurd Sævareid og Christopher Kvarme, SPK
Michael Reddington og Eivind Sakseid, SPK
Robert Pettersen og Bastien Testaniere, GPK
Gildas Mevel og Mohamed Zahri, OPC
Magnus Losnegard og Viljar Losnegard, SPK
Sven Kolstad og Jean Jaques Razaka, OPC
Andrew Nyoni og Gift Goronga, SPK

17. plass
Gisle Hjelmen og Bagher Portazedi, SPK
Toini Hoel og Hadi Khaddaj, BPK

 

Tekst: Sekreteriatet v/Arild Skjæveland, Johannes Tornes og Ida Sæbø Larsen.