Stord-dominans på heimebane

31.05.2021

I fjor vann han dobbelen med broder Magnus. Sundag var Viljar Losnegard på farta igjen og triumferte med bestekompisen Lars Sleen.

Tekst: Trond Sandvik, Foto: Pål Johansen

Han har ein god vane, unge Losnegard frå sommerøya Stord. Han vaknar til under store turneringar, og gjer det godt mot resten av noregseliten. Det vera seg NM – eller gjerne nasjonale rankingstemne.

I mai i fjor tok 29-åringen skalpen på alle under Stordturneringa i Dobbel. Den gong med vetlebroren Magnus (27) som partnar. Under dette årets siste maihelg var han i farta igjen, tobarnsfaren frå Sunnhordland. Saman med arbeidskompis Lars Sleen (28) dukka riktignok Losnegard opp fem minutt for seint til sundagsdobbelen – direkte frå jobb. Og fyrste kamp gjekk skeis. Så vakna kompisane og vann like godt resten av kampane. I finalen mot den særs så rutinerte Max Carlstrøm (OPC) - og Bastien Testaniere (GPK) Resultat: 13-1.

- Over all forventning. Me hadde definitivt dagen, konstaterer Losnegard. Medan fiskeoppdrettkollega Lars Sleen forklarar suksessen på ein annan måte. - Me er altfor gode kompisar!

Tredjeplassen denne sundagen, der 29 dobbellag stilte på grusen på Hatland, gjekk til Ranu Homniam/Charlotte Jayer (GPK) og Gabriel/Benny Bel-Lafkih (GPK). Medan B-finalen vart vunne av Stords Kjell Arne Presthaug og Øystein Johannesen (Bergen PK). Dei slo langt meir erfarne Momo Zahri og Gildas Mevel frå OPC i avgjerande kamp.

 

Laurdag var det trippelspill under Stordturneringa. 20 lag møtte opp, og nok eit lokalt lag gjekk heilt til topps og sikra arrangøren gode nasjonale rankingpoeng. Stords Tore Blokhus/Odd Kvarme hadde med seg Momo Zahri (OPC) på vinnarteamet (Bildet over). I ein særs spennande finale vann trioen 13-12 over Ranu Homniam/Charlotte Jayer/Gildas Mevel.

Tredjeplassen gjekk til Sigurd Sævareid (SPK)/Magnus Losnegard (SPK)/Max Carlstrøm og til Stord-trioen Einar Jacobsen/Viljar Losnegard/Lars Sleen.

Ein prima helg, med andre ord, for fiskeoppdrettarane Sleen/Losnegard. Ikkje berre vann tok dei gull og bronse. Også eit ukjend firesifra beløp i pengepremiar er venta inn på konto innan få dagar.

Stordturneringa Trippel

Lørdag 29. mai 2020

A-SLUTTSPILL

1. Tore Blokhus, Odd Kvarme og Mohamed Zahri, SPK/OPC

2. Ranu Homniam, Charlotte Jayer og Gildas Mevel, GPK/OPC

3. plass

Magnus Losnegard, Sigurd Sævareid og Max Carlström, SPK/OPC

Lars Sleen, Viljar Losnegard og Einar Jacobsen, SPK

5. plass

Rune Solevåg, David Kidane og Ole Angeltveit, SPK

Kjell Arne Presthaug, Øystein Johannesen og Per Johannesen, SPK

Gabriel G. Bel-Lafkih, Benny Bel-Lafkih og Bastien Testaniere, GPK

Robert Svensen, Vidar Abrahamsen og Christopher Schwartz Kvarme, SPK

B-SLUTTSPILL

1. Gisle Hjelmen, Bagher Portazedi og Sigve Blokhus, SPK

2. Rune Bekkevold, Roar Kyvik og Harald Gjøsæter, SPK

3. plass

Per Geir Vatna, Børge Presthaug og Trond Sandvik. SPK

Rolf Ekre, Dag Otto Koppang og Jan Otto Vik, SPK

5. plass

Oddmund Sævareid, Kjell Inge Sævareid og Mashiyat Abedi, SPK

Ida Sæbø Larsen, Mari Presthus og Mostafa Elharrar, BPK

Toini Hoel, Berit Sæbø og Linda Hoel Jørgensen, BPK

Øyvind Bjørkås, Pål Johansen og Per Svein Sakseid, SPK

Stordturneringa Dobbel

Søndag 30. mai 2020

A-SLUTTSPILL

1. Lars Sleen og Viljar Losnegard, SPK

2. Bastien Testaniere og Max Carlström, GPK/OPC

3. plass

Ranu Homniam og Charlotte Jayer, GPK

Gabriel G. Bel-Lafkih og Benny Bel-Lafkih, GPK

5. plass

Tore Blokhus og Odd Kvarme, SPK

Rolf Ekre og Jan Otto Vik, SPK

Per Johannesen og Jarle Larsen, SPK

Børge Presthus og Per Geir Vatna, SPK

9. plass

Anne Jorunn Økland og Bjarte Espe, SPK

Rune Solevåg og Terje Andersen, SPK

Vidar Abrahamsen og Christopher Schwartz Kvarme, SPK

Ruben Angelov og Robert Svensen, SPK

B-SLUTTSPILL

1. Øystein Johannesen og Kjell Arne Presthaug, SPK

2. Mohamed Zahri og Gildas Mevel, OPC

3. Bagher Portazedi og Gisle Hjelmen, SPK

3. Mashiyat Abedi og Kjell Inge Sævareid, SPK

5. plass

Eivind Sakseid og Sigve Blokhus, SPK

Sissen Lekven og Lisbeth Johannesen, SPK

Kjell Olav Flatmo og Margit Olava Tveito, SPK

Andrew Nyoni og Gift Goronga, SPK

9. plass

Olav Birkeland og Olav Skorpen, SPK

Rune Bekkevold og Harald Gjøsæter, SPK

Pål Johansen og Øyvind Bjørkås, SPK