Rapport: Vestlandets skytekvalifisering til NM
Fire Stord-skyttarar til NM
Firkløver frå Stord Petanqueklubb skal representere distrikt 4 - Vestlandet, i NMs presisjonsskyting.
Les også: Slik gikk det med Oslos distriktskvalifisering
Det var ikkje berre rankingturnering på Stord denne helga. Det var og skytekvalifisering, der Bergen og Stord skulle gjere opp om dei fire plassane.
På førehand hadde 16 spelarar meldt seg på kvalifiseringa, men etter at nokon fekk kalde føter, var det berre 11 som prøvde seg.
Best var Odd Kvarme og Viljar Losnegard, som begge skaut 23 poeng. Lars H. Sleen skal igjen i elden, etter å ha skutt 16, mens Markus Reddington kom med som fjerdemann med sine 14 poeng.
____________________________________________________________
Skribent: Arild Skjæveland, SPK
Arkivbilde, fra venstre: Lars H. Sveen, Odd Kvarme, Markus Reddington og Viljar Losnegard