Som alltid skin sola på Stord

30.05.2017

Når det er rankingturnering på Stord blir austlendingane alltid garantert fint ver på førehand, slik at dei tek turen over fjellet. Denne helga levde det verkeleg opp til det gamle kallenamnet «Sumarøya Stord» og me fekk to strålande dagar på banen på Tyse med over 20 grader, null nedbør og mange solbrente tryner.

Dette var tredje gong SPK arrangerte rankingturnering, og denne gong valte me å gå bort frå fotballbanen på Nysæter, og heller prøva oss på det som var vår aller første heimebane i klubbens oppstart - nemleg hestesportssenteret på Tyse. Her får ein brynt seg på veldig utfordrande banar, med mykje stein og skjulte utfordringar. 

Første turnering var dobbel, med 47 lag frå start laurdag morgon. Med mange debutantar som spelte si aller første rankingturnering, vart det og mange overraskelsar undervegs.

Frå 12 grupper skulle 32 lag vidare til sluttspel. Ekstra skryt fortener Ranu Homniam og Lisbeth Fossen, som skulle ha landa i Haugesund dagen før dagen, men måtte snu og returnere til Gardermoen. Etter ein knapp time på auga, måtte dei stå opp igjen, og fly grytidleg på morgonen saman med Gildas Mevel. Dei ankom Tyse halvtimen før det braka laus, men klarte å halda seg så vakne at dei tok ein knallsterk tredjeplass! Tredjeplass vart det og på Magnus Losnegard og Lars H. Sleen, som tapte mot Gabriel Bel-Lafkih og Arild Skjæveland i sin semifinale.

Med så mange lag vart det ei lita utfordring å få det til på sju rundar, men åtte rundar til trass - finalen var ferdig kl 21.00 - og svært mange hadde valgt å bli igjen for å overværa finalen. Me håpar og trur at det var fordi den sosiale ramma som var planlagt rundt arrangementet med mat og drikke gjorde at folk heller vart igjen enn å ta turen til restaurantane i sentrum.

Finalen gjekk mellom Stord Petanqueklubbs Odd Kvarme og Tore Blokhus, mot klubbkamerat Arild Skjæveland og yngste blad Bel-Lafkih - Gabriel. Etter mykje godt spel på dei steinete banane, skulle turneringa avsluttast på ein svært flat bane med mykje helling. Verken Arild Skjæveland eller Odd Kvarme kunne klaga, etter at det var dei som sto for den avgjerelsen. Tore Blokhus var den av leggarane i finalen som leste banen best, og det reine Stord-laget fekk eit klart overtak som det yngre laget ikkje klarte gjera noko med.

Odd Kvarme og Tore Blokhus, vinnere av Stordturneringa 2017 Dobbel.

Dagen etter var det duka for trippelturnering. Her hadde me 28 lag frå start, og endå fleire debutantar som skulle kaste sine første kuler i eit nasjonalt stemne.

Dei solbrente frå dagen før skulle bli endå meir solbrente, og frå sju puljer skulle me ha 16 lag vidare. Her skulle me også få den store turneringsbomba dette året, då Nils «Pierre» Runnane, Jarle Grov og Jonas Angeltveit slo ut dei regjerande meistrane og medaljegrossistane Eli Gjengstø, Benny Bel-Lafkih og Gabriel G. Bel-Lafkih i kvartfinalen.

Det var imidlertid stopp for Stord-laget i kvartfinalen, då dei møtte eit svært sterkt Bergens-lag med Toini Hoel, Jon Sæbø Larsen og Mostafa Elharrar i kjempeslag:

I den andre semifinalen hadde Sindre Vikanes sine mange gode legg, samt skytinga til Gildas Mevel og Charlotte Jayer sendt det nysamansette laget langt. Det skulle ikkje stoppe der.

Framfor mange tilskodarar skulle finalen igjen gå på den utfordrande trillebanen framfor tribunen. På eit tidspunkt hadde Bergen ei klar 12-5 leiing, så gjorde skip Jayer nokre grep, og det nysamansette laget storma fram. 12-5 vart til 12-7, 12-11, og deretter 12-13, og Stord fekk seg ein 1/3 heimesiger også denne søndagen, medan den tidlege starten laurdag morgon truleg føltes verdt det for Gildas Mevel, og Charlotte Jayer befesta sin plass blant toppen av Noregs-rankinga.

Gildas Mevel, Charlotte Jayer og Sinde Vikanes, vinnere av Stordturneringa 2017 Trippel.

Me vil takke alle som tok turen. Neste år blir det diverre ingen Stordturnering - men då inviterer me til Noregsmeisterskap, og håpar på endå fleire austfrå!

 

____________________________________________________________ 

Tekst: Arild Skjæveland, SPK

____________________________________________________________ 

 

Stordturneringa 2017

 

Dobbel, lørdag 27. mai

1. Tore Blokhus og Odd Kvarme, SPK

2. Gabriel Bel-Lafkih og Arild Skjæveland, GPK/SPK
3. Lisbeth Fossen og Ranu Homniam, ØPC
3. Magnus Losnegard og Lars H. Sleen, SPK

5. - 8. plass 
Lisbeth Merete Johannesen og Dag Otto Koppang, SPK
Jon Larsen og Mostafa Elharrar, BPK
Tarjei Hagen og Jim Pettersen, SPK/FPK
Morten Torp og Jean Jaques Razaka, FPK/OPC

9. - 16. plass 
Eli Gjengstø og Benny Bel-Lafkih, GPK
Atle Smeby og Robert Pettersen, FPK/GPK
Linda Jørgensen og Line Jørgensen, BPK
Signe Hovind og Maija Juva, OPC/FPK
Sigve Blokhus og Gunnar Litlabø, SPK
Anita M. Magnussen og Jan Magnus M. Magnussen, SPK
Toini Hoel og Hervé Socquet-Juglard, BPK
Per Bjarte Torkelsen og Torkel Torkelsen, SPK

17. - 47. plass: Øvrige lag


Trippel, søndag 28. mai

1. Gildas Mevel, Charlotte Jayer og Sindre Vikanes, OPC/GPK/SPK

2. Mostafa Elharrar, Toini Hoel og Jon Larsen, BPK
3. Nils P. Runnane, Jarle Grov og Jonas Angeltveit, SPK
3. Einar Jakobsen, Gudmund Yttredal, Tarjei Hagen, SPK

5. - 8. plass
Signe Hovind, Ståle Baksetersveen og Maija Juva, OPC/HPK/FPK
Kjell Inge Sævareid, Sigurd Sævareid og Per Geir Vatna, SPK
Helge Skjæveland, Arild Skjæveland og Markus Ty Reddington, SPK
Gabriel G. Bel-Lafkih, Eli Gjengstø og Benny Bel-Lafkih, GPK

9. - 16. plass
Dag Otto Koppang, Bagher Portazedi og Mashiyat Abedi, SPK
Ranu Homniam, Lisbeth Fossen og Mulugeta Ghebru, ØPC/SPK
Sissel June Lekven Larsen, Lisbeth Merete Johannessen og Jarle Larsen, SPK
Magne Blokhus, Ingrid Angeltveit og Roslan Hassan Samir, SPK
Odd Kvarme, Christopher Kvarme og Tore Blokhus, SPK
Børge Presthaug, Rune Solevåg og Ellen Meisingset, SPK/PCH
Øyvind Bjørkås, Per Svein Sakseid og Pål Johansen, SPK
Odd Arne Ulversøy, Vegard Stautland og Arvid Ottesen, SPK

17. - 28. plass: Øvrige lag