- Stort å spille på Stord!

30.05.2016
Etter eit vellukka arrangement i 2015, tok Stord Petanqueklubb sjansen på ein reprise med rankingturnering siste helga i mai også i år. Med strålande vermeldingar, to rankingturneringar på to dagar, og fleire påmelde spelarar enn i fjor låg alt til rette for at det skulle gå bra også denne gongen. Berre vergudane svikta. - På lørdag.

Etter trekning på direkten på klubbens Facebook-sider fredag ettermiddag vart 24 lag inndelt i seks puljer, der 16 etterkvart skulle bli åtte som skulle få rankingpoeng. Som fersk klubb var det mest stas å høyra at nivået var blitt høgare frå året før - men opp til dei beste er det framleis eit stykke.
 


Men over til laurdagen… Nysætergrusen var oppdelt i 16 banar, pluss ein centrecourt der ein fekk stygge blikk om ein våga kaste ei kule før semifinalane.

Det er kanskje like greit at Norsk Tipping ikkje tilbyr petanque på langoddsen, for i gruppespelet kom det mange overraskande resultat. Kanskje mest overraskande var det at dei stødige lokale Stord-spelarane Tore Blokhus og Odd Kvarme, som hadde fått med seg Ronny Gudmundsen frå Økern, ikkje tok seg vidare frå gruppespelet.

Og det kom fleire overraskelsar i sluttspelet. Det lokale håpet, Viljar Losnegard, Magnus Losnegard og Lars Hovland Sleen gjekk på ein overraskande smell mot eit anna lokalt lag: Anita Magnussen, Jan Magnus Magnussen og Jarle Larsen.
 
Åttendelsfinalar:
  • Losnegard vs Magnussen: 8-13
  • H. Skjæveland vs Ulversøy: 13-10
  • Haga vs Baksetersveen: 1-13
  • K. Sævareid vs Fossen: 13-12
  • Meisingset vs Sakseid: 2-13
  • B. Sæbø vs Bel-Lafkih: 4-13
Kvartfinalar:
  • Magnussen vs H. Skjæveland: 10-13
  • Baksetersveen vs K. Sævareid: 13-1
  • Sakseid vs Bel-Lafkih: 7-13
  • Khaddaj vs Vikanes: 13-0
Klokka seks inntok semifinalistane centrecourten. Bergen sitt håp, Mostafa, Hadi og Toini, møtte Benny, Eli og Gabriel frå Groruddalen. Fjorårets finale i dobbel sto mellom nettopp Eli og Benny, mot Mostafa og Toini. I år som i fjor blei det utfallet det same, og austlendingane gjekk seirande ut og sikra seg finalebilletten: 13-6.
 
Tapende semifinalister: Arrangørklubbens Helge Skjæveland, Michael Reddington og Trond Sandvik, samt BPKs Hadi Khaddaj, Toini Hoel og Mostafa El-Harrar

Jean Jaques Razaka, Svein Bruu og Ståle Baksetersveen blei for sterke for det lokale håpet Helge Skjæveland, Trond Sandvik og Michael Reddington (13-2), så finalen skulle bli mellom to lag som kjente kvarandre godt.

Dei eldste tok tidleg styringa, og hadde på eit tidspunkt ein 5-0 ledelse. Litt etter litt vart dei innhenta, og sidan parkert, før sluttresultatet viste 13-8 til familielaget.
 
Vinnere av Stordturneringa Trippel 2016: Eli Gjengstø, Gabriel Gjengstø Bel-Lafkih og Benny Bel-Lafkih fra GPK
 
Andreplass i Stordturneringen Trippel 2016: Svein Bruu, Ståle Baksetersveen og Jean Jaques Razaka fra OPC og HPK

Om nokon sat heime, kunne kampen følgast direkte på Stord Petanqueklubbs egen Facebook-side. Skulle ein ønske sjå den igjen, så ligg den framleis ute.

Om vergudane hadde svikta på laurdag, gjorde dei det godt igjen på søndag. Denne dagen skulle det spelast dobbel med 32 lag på startstreken. Med tidleg start kl. 09.00 og mål om å vera ferdig kl. 18.00 slik at folk skulle rekke fly og jobb dagen etter, gjekk turneringa på tid, og mykje fokus var på effektivitet. 64 morgonfuglar var likevel på plass i god tid, somme allereie før Odd Kvarme hadde satt på musikken.
 


Frå åtte grupper skulle 16 vidare til sluttspel. Spesielt gruppe E utpeika seg som særskilt tøff, med eit lokalt håp i Magnus Losnegard og Lars Sleen, som skulle møte Hadi Khaddaj og Mostafa El-Harrar frå Bergen, ringrevane Einar Jakobsen og Gudmund Yttredal, samt førehandsfavorittane Benny Bel-Lafkih og Eli Gjengstø. Det var laget frå Groruddalen og Bergen som tok seg vidare, og dei skulle begge nå langt.

Gabriel Gjengstø Bel-Lafkih hadde storspelt og kun gitt bort seks poeng i ei ganske tøff gruppe, men då sola sto på som verst og sluttspelet starta, vart det bråstopp mot Stord-laget Sindre Vikanes og Markus Reddington. Denne duoen skulle få kasta mange kuler denne strålande søndagen.
 
Åttendelsfinalar:
  • Fossen vs Khaddaj: 4-13
  • Bruu vs J. Larsen: 13-8
  • A. Skjæveland vs Vikanes; 8-13
  • Runnane vs Hoel: 12-11
  • B. Sæbø vs Sakseid: 10-11
  • H. Skjæveland vs Gudmundsen: 4-13
  • Rey vs Portazedi: 4-13
  • Blokhus vs Bel-Lafkih: 8-13

Kvartfinalar:

  • Khaddaj vs Bruu: 13-1
  • Vikanes vs Runnane: 13-6
  • Sakseid vs Gudmundsen: 4-13
  • Portazedi vs Bel-Lafkih: 10-13
 
Tapende semifinalister: Ronny Gudmundsen og Viljar Losnegard fra ØPC/SPK samt Hadi Khaddaj og Mostafa El-Harrar fra BPK

Ronny Gudmundsen frå Økern spelte med Viljar Losnegard frå Stord, og det såg ut til at dei hadde god kjemi. Ronny la, Viljar skaut, og det virka å fungere bra. I semifinalen skulle dei møte Benny og Eli. Ettersom denne turneringa gjekk på tid, vart det ekstra dramatisk då Viljar og Ronny hadde ein 10-9 ledelse før siste gris. Når det gjaldt som mest fekk dei det ikkje heilt til å stemme, og Benny og Eli sikra to poeng og finalebilletten.

Der skulle dei møte Sindre Vikanes og Markus Reddington, som gledeleg, om enn noko overraskande, hadde slått Mostafa El-Harrar og Hadi Khaddaj 13-3 i sin semifinale!

Også denne gong kunne ein følge kampen direkte på video, og no må me tvihalda på kommentator Einar Jakobsen slik at ikkje dei store mediebedriftene stikk av med han.
 
Vinnere av Stordturneringa Dobbel 2016: Benny Bel-Lafkih og Eli Gjengstø, GPK. 2. plass: Markus Reddington og Sindre Vikanes, SPK

Markus og Sindre kjempa godt, men som Sindre sjølv oppsummerte etter kampen: «Av og til har ein berre ikkje sjans». Benny og Eli vann overbevisande 13-2.

Det er noko med familien Gjengstø Bel-Lafkhi på Nysætergrusen, for her er dei uslåelige. I fjor tapte dei éin gruppespelskamp. I år tapte dei ikkje ein einaste, på to dagar, og slikt blir det førsteplassar av.
 

Stordturneringa | Trippel

28. mai, Nysæter på Stord

1. Eli Gjengstø, Gabriel Gjengstø Bel-Lafkih og Benny Bel-Lafkih (GPK)
2. Jean Jaques Razaka, Svein Bruu og Ståle Baksetersveen (OPC, HPK)
3. Helge Skjæveland, Michael Reddington og Trond Sandvik (SPK)
3. Hadi Khaddaj, Mostafa El-Harrar og Toini Hoel (BPK)

5. – 8. plass

Anita Monsrud Magnussen, Jarle Larsen og Jan Magnus Magnussen (SPK)
Mashiyat Abedi, Bagher Portazedi og Kjell Inge Sævareid (SPK)
Eivind Sakseid, Børge Presthaug og Sigurd Sævareid (SPK)
Arild Skjæveland, Markus Reddington og Sindre Vikanes (SPK)

9. – 16. plass

Lars Sleen, Viljar Losnegard og Magnus Losnegard (SPK)
Odd Arne Ulversøy, Arvid Ottesen og Vegard Stautland (SPK)
Tarjei Haga, Ola Odland og Tommy Kvarsvik (SPK)
Charlotte Jayer, Lisbeth Fossen og Ranu Homniam (OPC, ØPC)
Mona Sundet, Charlotte Bjørno og Ellen Meisingset (HPK, ØPC, PCH)
Berit Sæbø, Linda Hoel og Kenneth Larsen (BPK)
Jon Larsen, Kari Larsen og Ida Sæbø Larsen (BPK)
Ragnar Weseth, Kjell Erlandsen og Lise Østby (SIN, BFII)

17. -24. plass

Tore Blokhus, Odd Kvarme og Ronny Gudmundsen (SPK, ØPC)
Sigve Blokhus, Gunnar Litlabø og Knut Arve Haukefær (SPK)
Gildas Mevel, Michel Rey og Andero Kelu (OPC, SIN, ØPC)
Rune Solevåg, Rex Simmons og Per Geir Vatna (SPK)
Per Svein Sakseid, Pål Johansen og Øyvind Bjørkås (SPK)
Signe Hovind, Maija Juva og Hanne Arnesen (OPC, FPK, ØPC)
Nils Runnane, Einar Jakobsen og Gudmund Yttredal (SPK)
Kenneth Edvardsdal, Øystein Vinsjevik og Kjell Tore Føyen (SPK)

 

Stordturneringa | Dobbel

29. mai 2016, Nysæter på Stord

1. Eli Gjengstø og Benny Bel-Lafkih (GPK)
2. Sindre Vikanes og Markus Reddington (SPK)
3. Ronny Gudmundsen og Viljar Losnegard (ØPC, SPK)
3. Hadi Khaddaj og Mostafa El-Harrar (BPK)

5. – 8. plass

Mashiyat Abedi og Bagher Portazedi (SPK)
Eivind Sakseid og Per Svein Sakseid (SPK)
Nils Runnane og Joar Losnegard (SPK)
Svein Bruu og Jean Jaques Razaka (OPC)

9. – 16. plass

Ranu Homniam og Lisbeth Fossen (ØPC)
Jarle Larsen og Sissel June Lekven Larsen (SPK)
Arild Skjæveland og Gabriel Gjengstø Bel-Lafkih (SPK, GPK)
Toini Hoel og Linda Hoel (BPK)
Berit Sæbø og Kari Larsen (BPK)
Helge Skjæveland og Trond Sandvik (SPK)
Michel Rey og Andero Kelu (SIN, ØPC)
Odd Kvarme og Tore Blokhus (SPK)

17. – 32. plass

Magnus Losnegard og Lars Sleen (SPK)
Per Geir Vatna og Gildas Mevel (SPK, OPC)
Pål Johansen og Øyvind Bjørkås (SPK)
Jan Magnus Magnussen og Anita Monsrud Magnussen (SPK)
Rune Solevåg og Rex Simmons (SPK)
Sigve Blokhus og Michael Reddington (SPK)
Sigurd Sævareid og Børge Presthaug (SPK)
Jan Haraldsen og Knut Ekse (SPK)
Ståle Baksetersveen og Mona Sundet (HPK)
Signe Hovind og Maija Juva (OPC, FPK)
Ragnar Weseth og Charlotte Jayer (SIN, OPC)
Gudmund Yttredal og Einar Jakobsen (SPK)
Ellen Meisingset og Charlotte Bjørno (PCH, ØPC)
Kjell Erlandsen og Lise Østby (BFII)
Ida Sæbø Larsen og Kenneth Larsen (BPK)
Kjell Inge Sævareid og Magne Blokhus (SPK)

 

 

Tusen takk til Arild Skjæveland for tekst, Odd Kvarme for resultater og Stord Petanqueklubb samt Signe Hovind for foto.