Påminnelse om del to av turneringskurs - og vil du hjelpe til i NM?

Torsdag 23. januar holdt Christopher og Johanne Kvarme frå Stord Petanqueklubb eit kurs i SPORT-Software og turneringsarrangering, med godt oppmøte! Eit kurs seksjonsstyret ser på som nyttig for å kunne bruke SPORT-Software og auke kompetansen i petanque-Norge, slik at flest mogleg klubbar kan bruka systema.
Her finn du guiden som Christopher og Johanne har laga. Her ligg no opptak av kurset.
Oppdatering etter kurset: Her kan du laste ned scorekorta som har vore nytta under NM.
Kurs nummer to
No, to månedar seinare, skal me ha kurs nummer to der ein kan få svar på dei spørsmåla ein skulle ha for å forhåpentlegvis bli meir trygg i bruken av programmet.
Det skjer torsdag 27. mars kl. 17.00, på denne lenka: https://petanquenorge.whereby.com/petanque
Vil du hjelpe til i NM?
Til vår store begivenhet i år, Norgesmesterskapet i Fredrikstad, søker me etter personar som vil ta eit ekstra ansvar i sekreteriatet – og gjerne kursdeltakarar. NM i Fredrikstad arrangeres 25-29. juni.
Det er ein jobb som vil bli lønna, etter avtale med arrangørklubb.
Om det er noko som kan vera fristande for deg, ta kontakt med leiar i seksjonsstyret, Tore Blokhus, på snillasten@gmail.com eller telefon +47 92 23 18 54.