Ny petanqueklubb i hovedstaden: Oslo Døves Sportsklubb

11.11.2024

Norsk Petanque er stadig i vekst, og år for år får fleire gleden av å ta del i det gode miljøet og den fine sporten me held oss med. I 2023 vart Oslo Døves Sportsklubb ein del av norsk petanque, då klubben vart registrert som medlem.

Oslo Døves Sportsklubb er eit av dei eldste idrettslaga i Oslo, og vart stifta så langt tilbake som 1892. Opprinnelig var det Døves Skiklub.

Historikk

Frå nettsida odsk.no kan vi lesa dette om klubben:

I 1889 kom den unge norske skiløper Fridtjof Nansen hjem fra sine berømte skiferd over Grønlands innlandsis. Også de døve ble med i denne begeistring for Nansens dåd og for skisporten.

Den døve malermester, Axel L. Fleischer, tok initiativet til starten av De Døves Skiklubb. Axel L. Fleischer måtte først utarbeide utkast til lover og så videre. Først ved et møte i De Døves Forening (i dag Oslo Døveforening) den 3. november 1892 ble Skiklubben stiftet og styret ble valgt.

Oslo Døves Sportsklubb er den nest eldste døveidrettsklubb i verden. 

Klubben har fleire idrettsgreiner på programmet, og har ca 250 medlemmer i alle aldre frå små til veteranar.

Petanque er det siste tilskotet til klubben. Sporten vart innlemma i klubben  for nokre år sidan, og det er 15-20 interesserte som spelar petanque no. Det er fleire sportsklubbar for døve i landet, og til neste sesong er det planlagt nasjonal turnering, så dette vert spanande å følgje klubben vidare.

Godt i gang og med EM i sikte

Klubben har hatt eit petanque-kurs i Frognerparken med Gunvor Berge (OPC) som instruktør. Kurset var godt besøkt. Så har det vore kveldsarrangement på Grønland Boulebar, mellom anna med julecup for medlemmane. Dette har vore både vellukka og kjekt, med gode tilbakemeldingar. I tillegg har klubben hatt spel i Torshovparken.

 
I Sverige er det mykje aktivitet blant døve. I svensk meisterskap for døve så er det ca 80 deltakande. Sist var det svensk meisterskap i Visby. 

Det er eit enormt stort miljø blant døve i land som mellom anna Spania, Frankrike og Belgia. Sistnemnde arrangerte for første gang internasjonal turnering i fjor med stor suksess. 

Belgia sendte forslag om at petanque burde tas opp som ny idrettsgrein i EDSO (European Deaf Sports Organisation) og det vart einstemmig vedteke. Det vert EM for døve om eitt eller to år. Det er framleis uvisst kven som vert arrangør. Det skal inneverande år vere eit digitalt møte mellom dei ulike landa, og leiar i klubben Stein Erik Wroldsen er representert. 

 Oslo Døves Sportsklubb er eit flott tilskot til petanquefamilen, og me håper på mange gode opplevingar saman i åra som kjem!