NM Trippel: Blått på Vestlandet!

30.06.2024

I Trippel var det 49 lag til start i eit sterkt felt. Trass i at det ikkje vert delt ut kongepokal dette året, er dette den mest prestisjefylte øvinga under NM.

Sjeldan har vel spelarar skifta klede så mykje som under dette NM. I løpet av ein kamp opplevde ein sol og sommar, regndryss og vindfulle regnskur. Så jakke vart til genser og t-skjorte før kleda måtte på att nokre rundar etter. Men, spelet var godt og stemninga god.

Etter tre rundar Swiss trona seks lag øvst med tre sigrar:

1. Blokhus/Kvarme/Kvarme (SPK)
2. Hansen/Jensen/Endal (HPK)
3. Losnegard/Sleen/Bjørkås (SPK)
4. Jayer/Homniam/Pettersen (GPK)
5. Støa/Johansen/Gudmundsen (ØPC)
6. Larsen/Nyoni/Hjelmen (SPK)

Den største overraskinga i innleiiande spel kom i runde tre då ungdomslaget frå Holmestrand beståande av Jonas Gurrich, Marcus Gurrich og den noko eldre Fred Olaf Korsgården slo OPC sine regjerande meistrar Carlstrøm-Refsum/Wang/Breimo 13-12. Me dette resultatet var Holmestrand sine unge representantar klare for avansement. Ein stor prestasjon.

Etter eit langt sluttspel stod ein med desse kvartfinalane:

Blokhus/Kvarme/Kvarme (SPK) – Bel-Lafkih/Gjengstø/Kristoffersen (GPK) 0-13
Nordhagen/Skjørberg/Rystad (HPK) – Jayer/Homniam/Pettersen (GPK) 11-13
Losnegard/Sleen/Bjørkås (SPK) – Vatna/Ekre/Sandvik (SPK) 13-3
Young/Klevenberg/Karlsen (FPK) – Hansen/Jensen/Endal (HPK) 8-13

Stord sine stadig vaksnare ungdommar Losnegard/Sleen/Bjørkås stråla etter sin siger, og Lars Sleen og Vebjørn Bjørkås hadde sikra seg sine fyrste NM medaljar. Vidare vart det klart for eit storoppgjer mellom dei to meritterte laga frå Groruddalen Petanqueklubb.

Semifinalar:

Losnegard/Sleen/Bjørkås (SPK) – Hansen/Jensen/Endal (HPK) 13-2
Bel-Lafkih/Gjengstø/Kristoffersen (GPK) - Jayer/Homniam/Pettersen (GPK) 13-5

Finalen vart eit storoppgjer mellom medaljegrossistane frå Groruddalen og
heimefavorittane frå Stord. Finalen gjekk seint på kveld, i skiftande vær og med valdsamme regnskyll innimellom.

Stord gjekk kjapt opp i ei 7-1 leiing, før Grorud byrja kneppa innpå. På fem rundar gjekk ein frå 7-1 til 9-9. Jamne gode rundar med mykje nerve. Dei siste rundane nytta GPK all si rutine og henta poenga dei trong.

For eit NM det har vore for spelarane på dette trippellaget. På onsdag vann Rune
Kristoffersen V55 saman med Robert Pettersen, før same lag tok bronse i Dobbel
Åpen på Fredag. Benny Bel-Lafkih og Eli Gjengstø vann Mix Dobbel på Torsdag og Åpen Dobbel på fredag, og har med sigeren i Trippel vunne alt dei har stilt opp i.

Gratulera!

 

For Petanque.no

Tore Blokhus

 

NM Trippel Åpen

1. Eli Gjengstø, Benny Bel-Lafkih og Rune Kristoffersen, GPK

2. Viljar Losnegard, Lars Sleen og Vebjørn Bjørkås, SPK

3. Birger Otto Hansen, Jan Erik Jensen og Bjørnar Endal, HPK

3. Charlotte Jayer, Ranu Homniam og Robert Pettersen, GPK

5. - 8. plass

Odd Kvarme, Christopher Kvarme og Tore Blokhus, SPK

Bjørn Arne Nordhagen, Johnny Skjørberg og Are Rystad, HPK

Per Geir Vatna, Rolf Ekre og Trond Sandvik, SPK

Larry Young, Per Klevenberg og Oddvar Karlsen, FPK

9. - 16. plass

Sven Kolstad, Gunvor Berge og Bjørn Vidnes, OPC

Glenn Gurrich, Bjørnar Zell Gurrich og Daniel Hushovd, HPK

Roger Støa, Tom Johansen og Ronny Gudmundsen, ØPC

Arild Skjæveland, Michael Reddington og Eivind Sakseid, SPK

Morten Torp, Pål Liaker Holm og Johnny Johansen, FPK

Jarle Larsen, Andrew Nyoni og Gisle Hjelmen, SPK

Harald Gjøsæter, Rune Bekkevold og Anne Gjøsæter, SPK

Jan A Holm, Ragnar Weseth og Lars Hjerpseth, SIN

17. -