Informasjon om NM 2024

05.11.2023

Planlegginga av den komande noregsmeisterskapen på Stord i 2024 er i full gang, og no har me gleda av å presentera eit førebels program. Det kan særleg vera verd å merka seg at NM er utvida med éin dag, og at veteranklassane skal i elden allereie onsdagen. Nytt av neste år er det òg at dobbel og singel byter dag. Presisjonsskytinga vil ikkje bli gjennomført på Stord, men me har godt håp om å kunna arrangera det saman med trippel mix hausten 2024. 

 

Programmet dag for dag:

onsdag 26. juni: V55 og V65 dobbel

torsdag 27. juni: Dobbel mix

fredag 28. juni: Dobbel dame og dobbel open

laurdag 29. juni: Trippel open

sundag 30. juni: Singel dame og singel open

 

Me gler oss!

 

Styret