NM 2023 Trippel | Triple trippelmeistrar

02.07.2023

Å vera med, å gjera det godt og å gå langt i eit NM heng naturlegvis svært høgt i alle øvingar, men aller høgst heng det når ein kjem fram til laurdagen og trippeløvinga. I år tok 120 spelarar fordelt på 40 lag frå ikkje færre enn 13 klubbar del i tevlinga om Hans Majestets Kongens pokal.

Aller størst forventningar på førehand var det kan hende til dei fire knallsterke trioane frå Groruddalen Petanqueklubb, i tillegg til  fleire av medaljegrossistane i Oslo Petanque Club. Max Carlström-Refsum, Marius Wang og Marius Breimo vann til dømes kongepokalen både i 2019 og 2021, og dei var naturleg nok interesserte i å halda fram med å vinna annakvart år. 

Etter fire rundar Swiss var OPC-trioen oppskriftsmessig vidare med tre sigrar, men aller øvst og utan tap så langt fann ein tre andre lag: 

Charlotte Jayer, Youssef Taoubane og Simohamed Menzhi har gjort det skarpt i denne øvinga tidlegare og kvalifiserte seg for åttandedelsfinalane som beste lag. Like bak fann ein Fredrikstad-karane Zoran Puvacha, Stefan Løvaas og Aleksandar Obradovic, som òg hadde gjort kort prosess med alle motstandarane sine i dei innleiande rundane. Det same gjorde Jean Jaques Razaka, Rivosoa Dadatoa og Svein Bruu, som jamvel fekk med seg ein skikkeleg skalp på vegen då dei gjekk sigrande ut av prestisjebataljen mot Bastien Testaniere, Gabriel Gjengstø Bel-Lafkih og Benny Bel-Lafkih. Tønsberg Turnforening stilte med eitt lag, og Erik Brunsell, Dag Andersen og Edith Andersen imponerte mange då dei tok seg vidare til sluttspelet. At dei til og med skulle slå Ranu Homnian, Robert Pettersen og Jean Espic på vegen gjer ikkje prestasjonen mindre imponerande.

Interessant nok enda Gisle Hjelmen, som "alltid" ryk ut med minst mogleg margin når han speler Swiss, seinast i singelkonkurransen på fredag, med å kvalifisera seg for sluttspelet saman med sine lagkameratar Jarle Larsen og Andrew Nyoni som siste lag. 

Og nettopp SPK-trioen Hjelmen, Larsen og Nyoni stod for den største skrellen når seksten lag skulle bli til åtte i åttandedelsfinalane. Dei slo førsteseeda Jayer/Taoubane/Menzhi heile 13-3 og vart med det eitt av to Stord-lag som kvalifiserte seg for kvartfinalane, saman med Kjell Arne Presthaug, Børge Presthaug og Sigurd Sævareid. Dei to laga vart nøydde til å forsvara vestlandets ære på eigahand, då BPKs håp Presthus/Johannesen/Elharrar rauk på tap i møte med Eli Gjengstø, Lars Storaker Bruu og Ole Hågensen. Familietrioen Olsen frå Follo, som etter  dei innleiande rundane var usikre på om dei hadde greidd å ta seg vidare, imponerte òg stort med å slå Razaka/Dadatoa/Bruu. Det stødige FPK-laget var likevel ikkje ferdige med å imponera og overraska for dagen.

I kvartfinalen sin styrte dei på ny inn til siger, denne gongen mot GPK-laget Gjengstø/Storaker Bruu/Hågensen, og medaljen var eit faktum.

Medalje vart det ikkje for Benny Bel-Lafkih, Gabriel Gjengstø Bel-Lafkih og Bastien Testaniere, som måtte gje tapt mot ein annan førehandsfavoritt, nemleg Breimo, Wang og Carlström-Refsum. Tungvektsbataljen enda 13-12, og igjen viste det seg at OPC-laget skulle vera  vanskelege å få has på i oddetalsår. I dei andre kvartfinaleoppgjera vart Homniam/Pettersen/Espic for sterke for Hjelmen/Larsen/Nyoni, medan Presthaug/Presthaug/Sævareid sikra at kongepokalhåpet framleis levde på Stord ved å slå det til då ubesigra Fredrikstad-laget  Puvacha/Løvaas/Obradovic med solide 13-7.  

I semifinalane fekk ein med det både eit møte mellom to av dei store førehandsfavorittane og eit oppgjer mellom to lag som stod utan trippelmedaljar før dagen. I semifinalen mellom Homnian/Pettersen/Espic og Breimo/Want/Carlström-Refsum var det til tider uvanleg mange kuler i spel for to lag som er så skyteglade, og det kongepokaljagande OPC-laget hadde lenge initiativet. GPK-trioen slo litt tilbake, men det vart til slutt for vanskeleg å stå imot karane frå Oslo, som sikra seg finalebilletten med eit siste velplassert skot. I den andre semifinalen var det SPK-laget som hadde overtaket i starten, utan at det let til å vippa Follo av pinnen. Maria Olsen viste at det langt  frå var tilfeldig at ho tok medalje i singel dagen før, Arne Olsen la inn kule etter kule, og Egil Olsen skaut vekk det SPK måtte få inn av brysame kuler. Den høginteressante semifinalen enda 13-11 til FPK-trioen, som med det skulle kjempa om kongepokalen. 

Ein favoritt mot ein underdog - og det i sjølvaste trippelfinalen. Dei som håpte på ein skrell fekk seg tidleg ein kalddusj, for Breimo, Wang og Carlström-Refsum viste ingen nåde og gjekk tidleg opp i 7-0. Men så: To grisar, ni Follo-poeng, 9-7, og plutseleg såg det ut til at den tredje kongepokalen skulle ryka for sigersvande OPC-spelarar. Dei vanlegvis solide skota sat ikkje der dei skulle, og Follo heldt fram med å skapa trøbbel for favorittane. I dei påfølgjande rundane løyste derimot Oslo-laget utfordringane betre, og når dei til slutt fekk ei opning etter eit par sjeldne upresise legg frå FPK, nytta dei høvet.

Max Carlström-Refsum, som ikkje fekk skytinga til å sitja som vanleg i kampen elles, avslutta passande nok med ein flott carreau. 13-9 til OPC og den tredje kongepokalen til Marius Breimo, Marius Wang og Max Carlström-Refsum, som med det framleis kan seia at dei vinn trippelen i NM annakvart år. Det vil definitivt vera dumt å avskriva dei i 2025 òg!

 

NM Trippel Åpen 2023

1. Max Carlström-Refsum,Marius Wang,Marius Breimo,Oslo Petanque Club

2. Arne Olsen,Egil Olsen,Maria Olsen,Follo Petanca Klubb

3. Ranu Homniam,Robert Pettersen,Jean Espic,Groruddalen Petanque Klubb

3. Kjell Arne Presthaug,Sigurd Sævareid,Børge Presthaug,Stord Petanqueklubb

5-8. plass

Eli R Gjengstø,Lars Storaker Bruu,Ole Hågensen,Groruddalen Petanque Klubb

Jarle Larsen,Andrew Nyoni,Gisle Hjelmen,Stord Petanqueklubb

Bastien Testaniere,Gabriel G Bel-Lafkih,Benny Bel-Lafkih,Groruddalen Petanque Klubb

Zoran Puvacha,Stefan Løvaas,Aleksandar Obradovic,Boule Fredrik II

9-16. plass

Charlotte Jayer,Youssef Taoubane,Simohamed Menzhi,Groruddalen Petanque Klubb

Larry Young,Per Klevenberg,Oddvar Karlsen,Follo Petanca Klubb

Steinar Friberg, Freddy Friberg, Rune Nilsen,Boule Fredrik II

Gunvor Berge,Vilde Berge-Vidnes,Lars Fjæreide,Oslo Petanque Club

Jean Jaques Razaka,Rivosoa Dadatoa,Svein Bruu,Oslo Petanque Club

Mari Presthus,Mostafa Elharrar,Øystein Johannesen,Bergen Petanqueklubb

Camel Benkheira,Mili Selimovic,Mustapha Djebrouni,Oslo Petanque Club

Erik Brunsell,Dag Andersen,Edith Andersen,Tønsbergs Turnforening

Øvrige lag 

Roger Thiger,Rune Solevåg,Bagher Portazedi,Stord Petanqueklubb

Are Rystad,Bjørn Arne Nordhagen,Johnny Skjørberg,Holmestrand Petanque Klubb

Bjørg Riibe Ramskjell,Marit Helen Hansen,Line Karlsen,Saltdal Petanqueklubb

Eva Fjære,Edvart Fjære,Roger Wold,Stokke IL

Elisabeth Trolldalen,Tom Roger Engblom,Sverre Meisingset,Stokke IL

Fred Olaf Korsgården,Arild Eliassen,Jan Erik Jensen,Holmestrand Petanque Klubb

Grethe Ramsdal,Robert Svendsen,Kjell Olav Flatmo,Stord Petanqueklubb

Heidi Skjørberg Nilsen,Veronica Mathiesen,Anette Røkenes,Holmestrand Petanque Klubb

Jan Egil Andresen,Einar Skancke,Øystein Kruge,Oslo Petanque Club

Lars Kiplesund,Ingvild Kiplesund,Vetle Kiplesund,Hamar og Elverum

Lisbeth Johannesen,Per Vidar Johannesen,Sissel June Lekven,Stord Petanqueklubb

Lise Østby,Nina Augustin,Tronn Kleven,Boule Fredrik II

Morten Jensen,Knut Dahl,Jan A Holm,Sinsen Petanque

Pål Johansen,Øyvind Bjørkås,Per Svein Sakseid,Stord Petanqueklubb,21

Ståle Baksetersveen,Svein Erik Johansen,Bjørnar Endal,Holmestrand Petanque Klubb

Pål Liaker Holm,Johnny Johansen,Ole Evenstad,Follo Petanca Klubb

Ragnar Weseth,Øyvind Gundersen,Rune Andersen,Sinsen Petanque

Rolf Bjercke,Daniel Hushovd,Arnstein Barstad,Holmestrand Petanque Klubb

Rolf Hermansen,Atle Andersen,Odd Porsmyr,Boule Fredrik II

Rolf Stordahl,Enver Zecic,Ib Asger Andersen,Boule Fredrik II

Thor E Kise,Sondre Kise,Jardar Kise,Hamar og Elverum

Toini Hoel,Berit Sæbø,Linda Jørgensen,Bergen Petanqueklubb

Tom Johansen,Ronny Gudmundsen,Lisbeth Fossen,Økern Petanque Club

Trond Sandvik,Per Geir Vatna,Rolf Ekre,Stord Petanqueklubb