NM 2023 Singel og Skyting | Lyseblå fredag

01.07.2023

Fredag er dagen for dei individuelle øvelsane. På lista i Single damer var 27 namn påmeldte, medan det i herreklassen var 82 karar klare for kappestrid.

I tillegg til dette vart NM i presisjonsskyting  avvikla, så både sekreteriat og spelarar var førebudde på ein lang dag på grusen. Ein lang dag vart det og klokka nærma seg midnatt før alle vinnarane var kåra, og samtlege var lyseblå.

NM Presisjonsskyting

Det var eit sterkt felt som skulle gjere opp i skytekonkurransen i år, der mange av deltakarane både er erfarne og har skote høge summar tidlegare. På matta skal det stemme når det gjelder, og det vart fleire intense duellar.

Kvartfinalane:

Mange store duellar, der kampane såg slik ut:

  • Gabriel Gjengstø Bel-Lafkih - Robert Pettersen 
  • Ranu Homniam - Camel Benkheira
  • Rivosoa Dadatoa - Benny Bel-Lafkih
  • Eli Gjengstø - Johnny Skjørberg

Vidare frå duellane kom Robert som slo Gabriel med eitt poeng, Ranu, Benny og Eli.

Med dette resultatet var det sikra at  pallen vart GPK sin, då alle gjenståande deltakarar var lyseblå.

Robert haldt stø kurs og vann sin semfinale mot Eli. Benny og Ranu vart ein intens duell der dei etter endt skyting stod med same sum, og måtte ut i omskyting. Denne vant Benny, og då var finalen klar.

Duellen mellom dei to lagkameratane og medaljegrossistane endte med siger til Robert Pettersen. Med dette har han no vunne NM i alle øvelsar. 

Det er imponerande.

NM Singel Kvinner

I single kan mykje skje, og ein må verkeleg vere på topp heile dagen om ein skal kome seg til topps. Å klare å halde fokus frå morgon til sein kveld vert ikkje lettare når dagen er varm.

I kvartfinalane var det klart for duell mellom to av favorittane Charlotte Jayer (GPK) og Ranu Homniam (GPK).  Begge meritterte spelarar både nasjonalt og internasjonalt. Denne duellen vart vunne av Charlotte, som med denne sigeren verkeleg satte fart.

Maria Olsen frå FPK tok seg vidare etter ein tøff kamp mot Vina Naidu frå STIF, kampen enda 13-11 i Maria sin favør, og med dette sikra ho seg NM medalje!

Veronica Mathiesen frå HPK tok seg og vidare til semifinale og medalje med siger mot Inger Berit Kristiansen frå BFII, siger med knappast mogleg margin, 13-12.

Siste kvartfinale stod mellom Eli Gjengstø og Mette Bakke Åkvåg, begge frå GPK. Eli tok seg vidare og inn i semifinale med siger 13-8 mot lagvennina.

Semifinalane vart då Eli mot mot Veronica og Charlotte mot Maria. GPK var sterkast i begge duellane og det vart klart for finale mellom Eli og Charlotte. To av dei absolutt sterkaste damespelarane i Noreg i lang tid no.

Etter sigeren mot Ranu i kvartfinalen var Charlotte ustoppeleg. Ho vann semifinalen med 13-10, men brukte spenningen til fullt fokus i finalen 13-0 mot Eli. Det er utruleg tal i ein NM-finale. 

Charlotte til topps, og med den avslutninga lyt ein seie at det var både imponerande og fortent.

NM Singel Herrer

Eit folksamt felt på 82 mann starta meir og mindre optimistisk ut på morgonen. På vegen skulle 82 verte til ein, og på lista fann ein mange potensielle medaljørar.

I kvartfinalane fann me mange av førehandsvaorittane. To frå OPC (Rivosa Dadatoa og Max Carlstrøm), to frå BFII (Atle Andersen og Odd Porsmyr) og fire frå den lyseblå medaljegrossisten GPK (Gabriel Gjengstø Bel-Lafkih, Robert Pettersen, Benny Bel-Lafkih og Bastien Testaniere).

GPK toget var ikkje mogleg å stoppe denne fredagen og inn i semifinalane var det klart at pallplassane skulle ordelast mellom dei fire klubbkameratane, som og skal reise saman som landslag til EM seinare i år.

Gabriel slo Robert i sin semifinale, og Bastien gjekk  sigrande ut av duellen med Benny. 

Finalen vart eit oppgjer mellom Gabriel og Bastien. Seint på kvelden vart det klart at Bastien, etter fleire andre og tredjeplassar i øvelsen, for fyrste gong kunne smykka seg med gullmedalje som norgesmeister i Single. Vel fortjent!

Fredag vart ein lyseblå dag, med fint vær, blå himmel og 12 av 14 medaljar til GPK!

NM Presisjonsskyting

1. Robert Pettersen, Groruddalen Petanque Klubb

2. Benny Bel-Lafkih, Groruddalen Petanque Klubb

3. Eli Gjengstø, Groruddalen Petanque Klubb

3. Ranu Homniam, Groruddalen Petanque Klubb

5. - 8. plass

Gabriel Gjengstø Bel-Lafkih, Groruddalen Petanque Klubb

Rivosoa Nasoloniaina, Oslo Petanque Club

Camel Benkheira, Oslo Petanque Club

Johnny Skjørberg, Holmestrand Petanqueklubb

Øvrige kvalifiserte

Bastien Testaniere, GPK, Odd Kvarme, SPK, Ståle Baksetersveen, HPK, Harald Gjøseter, SPK, Milan Milosavljevic, BFII, Jean Espic, GPK, Svein Erik Johansen, HPK

 

NM Singel Kvinner

1. Charlotte Jayer,Groruddalen Petanque Klubb

2. Eli R Gjengstø,Groruddalen Petanque Klubb

3. Maria Olsen,Follo Petanca Klubb

3. Veronica Mathiesen,Holmestrand Petanqueklubb

5-8. plass

Ranu Homniam,Groruddalen Petanque Klubb

Vina Naidu,STIF

Inger Berit Kristiansen,Boule Fredrik II

Mette Bakke Åkvåg,Groruddalen Petanque Klubb

9-16. plass

Sissel J Lekven,Stord Petanqueklubb

Lise Østby,Boule Fredrik II

Riina Jansson,Økern Petanque Club

Berit Sæbø,Bergen Petanqueklubb

Nina Augustin,Boule Fredrik II

Toini Hoel,Bergen Petanqueklubb

Lisbeth Johannesen,Stord Petanqueklubb

Mari Presthus,Bergen Petanqueklubb

Bente M Larsen,Holmestrand Petanqueklubb

Øvrige lag

Anette Røkenes,Holmestrand Petanqueklubb

Else Turid Hartveit,STIF

Heidi Skjørberg Nilsen,Holmestrand Petanqueklubb

Ragnhild Andersen,Boule Fredrik II

Anita Magnussen,Stord Petanqueklubb

Wenche U Hansen,Tønsberg Turnforening

Eva Efterdal,Boule Fredrik II

Line Eliassen,Holmestrand Petanqueklubb

Margit Olava Tveito,Stord Petanqueklubb

 

NM Singel Herrer

1. Bastien Testaniere,Groruddalen Petanque Klubb

2. Gabriel G Bel-Lafkih,Groruddalen Petanque Klubb

3. Robert Pettersen,Groruddalen Petanque Klubb

3. Benny Bel-Lafkih,Groruddalen Petanque Klubb

5-8. plass

Rivosoa Dadatoa,Oslo Petanque Club

Max Carlström-Refsum,Oslo Petanque Club

Atle Andersen,Boule Fredrik II

Odd Porsmyr,Boule Fredrik II

9-16. plass

Jan Erik Jensen,Holmestrand Petanqueklubb

Marius Wang,Oslo Petanque Club

Eddie Solberg,Holmestrand Petanqueklubb

Johnny Skjørberg,Holmestrand Petanqueklubb

Camel Benkheira,Oslo Petanque Club

Are Rystad,Holmestrand Petanqueklubb

Mostafa Elharrar,Bergen Petanqueklubb

Mustapha Djebrouni,Oslo Petanque Club

17-32. plass

Ib Asger Andersen,Boule Fredrik II

Roger Thiger,Stord Petanqueklubb

Jan A Holm,Sinsen Petanque

Oddvar Karlsen,Follo Petanca Klubb

Svein Erik Johansen,Holmestrand Petanqueklubb

Gildas Mevel,Oslo Petanque Club

Jan Egil Andresen,Oslo Petanque Club

Mili Selimovic,Oslo Petanque Club

Svein Bruu,Oslo Petanque Club

Per Geir Vatna,Stord Petanqueklubb

Bjørn Arne Nordhagen,Holmestrand Petanqueklubb

Per Vidar Johannesen,Stord Petanqueklubb

Jean Espic,Groruddalen Petanque Klubb

Stefan Løvaas,Boule Fredrik II

Enver Zecic,Boule Fredrik II

Øvrige lag

Aleksandar Obradovic,Boule Fredrik II

Ambjørn Efterdal,Boule Fredrik II

Andrew Nyoni,Stord Petanqueklubb

Arne Jørgen Bergmål,Petanque Club Hølen

Arne Sandberg,STIF

Arnstein Barstad,Holmestrand Petanqueklubb

Atle Smeby,Follo Petanca Klubb

Bagher Portadi,Stord Petanqueklubb

Bent Reiersen,Holmestrand Petanqueklubb

Birger O Hansen,Holmestrand Petanqueklubb

Børge Presthaug,Stord Petanqueklubb

Daniel Hushovd,Holmestrand Petanqueklubb

Egil Olsen,Follo Petanca Klubb

Freddy Friberg,Boule Fredrik II

Gisle Hjelmen,Stord Petanqueklubb

Jean Jaques Razaka,Oslo Petanque Club

Jon Larsen,Bergen Petanqueklubb

Jonatan Ketels,STIF

Kjell Alsaker,Petanque Club Hølen

Kjell Arne Presthaug,Stord Petanqueklubb

Kjell Horn,Stokke IL

Kjell Olav Flatmo,Stord Petanqueklubb,67

Knut Dahl,Sinsen Petanque,42

Krister Jansson,Økern Petanque Club,58

Lars Storaker Bruu,Groruddalen Petanque Klubb,39

Marius Breimo,Oslo Petanque Club,78

Morten Jensen,Sinsen Petanque,75

Morten Torp,Follo Petanca Klubb,54

Ole Evenstad,Follo Petanca Klubb,72

Per Svein Sakseid,Stord Petanqueklubb,36

Pål Johansen,Stord Petanqueklubb,50

Ragnar Weseth,Sinsen Petanque,49

Robert Svendsen,Stord Petanqueklubb

Roger Wold,Stokke IL,65

Rolf Bjercke,Holmestrand Petanqueklubb,77

Rolf Ekre,Stord Petanqueklubb,68

Rolf Stordahl,Boule Fredrik II,80

Rune Nilsen,Boule Fredrik II,40

Rune Solevåg,Stord Petanqueklubb,62

Sigurd Sævareid,Stord Petanqueklubb,24

Steinar Friberg,Boule Fredrik II,34

Sverre Meisingset,Stokke IL,56

Syver Næss,STIF,81

Tore Blokhus,Stord Petanqueklubb,48

Trond Sandvik,Stord Petanqueklubb,57

Tronn Kleven,Boule Fredrik II,70

Zoran Puvacha,Boule Fredrik II

Øystein Johannesen,Bergen Petanqueklubb

Øystein Kruge,Oslo Petanque Club

Øyvind Bjørkås,Stord Petanqueklubb