NM 2023 Dobbel Mix | Ny gullduell mellom sterke GPK-lag

30.06.2023

NM 2023 Dobbel Mix | Ny gullduell mellom sterke G PK-lag

NM blei sparka i gang i strålande sol og med 36 konkurranseklare dobbel mix-lag i startfeltet. Då ein lang dag gjekk mot slutten var sommarsola erstatta av surt regn - og dei to laga som hadde halde hovudet kaldast var to GPK-duoar i som har stått i finalar meir enn ein gong tidlegare.

Konkurransen starta med fire rundar Swiss, og raskast ut av startblokkene kom mellom anna SPK-para Per Johannesen/Lisbeth M Johannesen og Gisle Hjelmen/Anita Magnussen, som toppa listene etter to rundar. Like bak luska ikkje overraskande dei to OPC-laga Vidnes/Berge og Mevel/Fantoft og dei fire GPK-laga Jayer/Testaniere, Homniam/Pettersen, Gjengstø/Bel-Lafkih og Åkvåg/Gjengstø Bel-Lafkih, og fleire av desse skulle - heller ikkje dét overraskande - vera med å prega konkurransen heilt inn.

Etter ytterlegare to rundar i steikande sol var 36 lag blitt til 16, og Gjengstø/Bel-Lafkih og Jayer/Testaniere stod att som dei einaste laga utan tap. Verd å nemna er det òg at Roger Støa og Lisbeth Fossen frå Økern hadde bevegd seg heilt opp i tetsjiktet, og andre sterke
duoar som Wang/Tinglum frå OPC, Torp/Olsen frå FPK og Moholt/Skjørberg og Nordhagen/Skjørberg Nilsen frå arrangørklubben HPK hadde funne vegen inn i åttandedelsfinalane. Vestlandskvoten var heller ikkje tom, og ikkje mindre enn tre av fire lag frå Bergen Petanqueklubb greidde å ta seg vidare frå dei innleiande rundane. For eitt av laga frå regnhovudstaden skulle det jamvel gå nestan heile vegen.

I åttandedelsfinalane måtte åtte nye lag bita i det sure eplet, og ekstra surt var det kanskje for Johnny Skjørberg og Marianne Moholt som gjekk på eit knepent 13-12-tap mot Gildas Mevel og Caroline Hovind Fantoft. Mette Åkvåg og Gabriel Gjengstø-Bel-Lafkih måtte òg gje tapt - for deter som kjend av sine eigne ein skal ha det - for Benny Bel-Lafkih og Eli Gjengstø.

Klubb- og familiekannibalismen heldt fram i kvartfinalane, der dei to gjenverande BPK-laga Hoel/Larsen og Sæbø/Socquet-Juglard vart tvungne til å kjempa seg imellom om éin semifinalebillett. Den gjekk til Toini Hoel og Jon Larsen, og Toini hadde med det sikra seg ein ny mix-medalje - medaljar ho no har tatt med fire ulike mannlege medspelarar. Her gjeld det å vera på ballen for eventuelle mannlege BPK-medlemmar som har lyst på og manglar medalje! Det kanskje mest dramatiske kvartfinaleoppgjeret fekk me mellom Charlotte Jayer/Bastien Testaniere og Ranu Homnian/Robert Pettersen. Jayer/Testaniere kom best ut, men Homnian/Pettersen kom tilbake og tok til slutt semifinaleplassen knepent på kostnad av klubbkameratane sine.

I semifinalane spelte Bel-Lafkih/Gjengstø mot Støa/Fossen, som på si side hadde ekspedert Presthaug/Presthaug (SPK) og Mevel/Fantoft (OPC) på vegen mot medaljane. Her sa det likevel stopp for Økern-duoen, som trass i tapet kan sjå tilbake på ei sterk turnering som enda i bronse.

Imponerande bronsemedaljar blei det òg til Hoel/Larsen, som fekk det tungt og tapte 13-3 mot sterktspelande Homnian/Pettersen i den andre
semifinalen.

Så kom regnet, utan at det dempa forventningane til eit heidundrande finaleoppgjer mellom Benny Bel-Lafkih/Eli Gjengstø og Ranu Homnian/Robert Pettersen. I fjor møttest dei to laga i semifinalen, og då var det Bel-Lafkih og Gjengstø som trekte det lengste strået. Men i fjor var i fjor og i år er i år, og no var det duka for revansje. Sjåarar både på banen og på direktestream fekk sjå at Homnian og Pettersen tok ei tidleg
leiing som dei aldri gav frå seg, og dei avslutta NMs første dag med å innkassera gullmedaljane etter ein imponerande 13-6-siger.

Gratulerer til alle medaljevinnarane og til Ranu Homnian og Robert Pettersen som vinnarar av Dobbel Mix i NM 2023!

 

Resultater Mix Dobbel:

1. Ranu Homniam,Robert Pettersen,Groruddalen Petanque Klubb
2. Eli R Gjengstø,Benny Bel-Lafkih,Groruddalen Petanque Klubb

3. Roger Støa,Lisbeth Fossen,Økern Petanque Club
3. Toini Hoel,Jon Larsen,Bergen Petanqueklubb

5-8 plass
Marius Wang,Trine Tinglum,Oslo Petanque Club
Gildas Mevel,Caroline Hovind Fantoft,Oslo Petanque Club
Berit Sæbø,Herve Socquet-Juglard,Bergen Petanqueklubb
Charlotte Jayer,Bastien Testaniere,Groruddalen Petanque Klubb

9-16
Mette Bakke Åkvåg,Gabriel G Bel-Lafkih,Groruddalen Petanque Klubb
Morten Torp,Maria Olsen,Follo Petanca Klubb
Marianne Moholt,Johnny Skjørberg,Holmestrand Petanque Klubb
Arnhild Presthaug,Børge Presthaug,Stord Petanqueklubb
Per Johannesen,Lisbeth M Johannesen,Stord Petanqueklubb
Bjørn Vidnes,Gunvor Berge,Oslo Petanque Club
Linda Jørgensen,Øystein Johannesen,Bergen Petanqueklubb
Bjørn Arne Nordhagen,Heidi Skjørberg Nilsen,Holmestrand Petanque Klubb

Øvrige lag
Anita Magnussen,Gisle Hjelmen,Stord Petanqueklubb
Are Rystad,Line Eliassen,Holmestrand Petanque Klubb
Max Carlström-Refsum,Kaja L Carlström-Refsum,Oslo Petanque Club
Kjell Arne Presthaug,Lisbeth Stenberg,Stord Petanqueklubb
Grethe Ramsdal,Sigurd Sævareid,Stord Petanqueklubb
Inger Berit Kristiansen,Atle Andersen,Boule Fredrik II
Tronn Kleven,Anitha Kleven,Boule Fredrik II
Arnstein Barstad,Anette Røkenes,Holmestrand Petanque Klubb
Jan Erik Jensen,Veronica Mathiesen,Holmestrand Petanque Klubb
Mari Presthus,Mostafa Elharrar,Bergen Petanqueklubb
Roger Wold,Eva Fjære,Stokke IL
Larry Young,Maija Juva,Follo Petanca Klubb
Bente Rennehvammen,Arne Sandberg,STIF
Sissel J Lekven,Jarle Larsen,Stord Petanqueklubb
Else Turid Hartveit,Syver Næss,STIF
Margit Tveito,Pål Johansen,Stord Petanqueklubb
Bente M Larsen,Fred-Olaf Korsgården,Holmestrand Petanque Klubb
Riina Jansson,Krister Jansson,Økern Petanque Club
Gull Karin Dalen,Jon Veierud,STIF
Silje Akre,Egil Olsen,Follo Petanca Klubb