NM Dobbel V65 2022 | Nerver av Stål(e og Bjørnar)!
Dobbel V65 var ei av to øvelsar under åpningsdagen for årets norgesmeisterskap i Stokke. Med eitt rutinert og sterkt felt vart det ei spanande turnering.
Det var 21 lag til start. Turneringa vart avvikla med fire rundar Swiss, deretter 8 lag vidare til kvartfinale og finalespel.
Etter to rundar Swiss var det dobbel Stord i tet, med radarparet Per Geir Vatna og Trond Sandvik i front tett fulgt av klubbkameratane Per Svein Sakseid og Øyvind Bjørkås.
På tredjeplass etter to rundar fann me dobbeltvinnarane (V55 og V65) frå fjorårets NM; Birger Otto Hansen og Odd Reidar Gullbrandsen. Ytterlegare tre lag stod på dette
tidspunktet med tre seire; Ragnhild og Ib Andersen (BFII), Helge Skjørberg og Hans Erik Røneid Hansen ((HPK) og Ståle Baksetersveen og Bjørnar Endal (HPK).
Etter fire rundar Swiss var to lag framleis ubeseira, det var Baksetersveen og Endal frå HPK og Vatna og Sandvik frå SPK.
Kvartfinalane besto av tre lag frå HPK, to frå SPK og to frå BFII:
Baksetersveen/Endal HPK - Flatmo/Svendsen SPK 13-7
Skjørberg/Røneid Hansen HPK - Andersen/Andersen BFII 7-13
Hansen/Gullbrandsen HPK - Sakseid/Bjørkås SPK 13-4
Vatna/Sandvik SPK - Hermansen/Porsmyr BFII 13-0
Semifinalar
Baksetersveen/Endal HPK - Andersen/Andersen BFII 13-1
Hansen/Gullbrandsen HPK - Vatna/Sandvik SPK 7-13
Etter ein lang og veldig varm dag vart dei fyrste medaljørane klare. Ragnhild Andersen og Ib Andersen frå Boule Fredrik II vart beseira av det sterke laget frå Holmestrand, og vann bronse etter ein dag med mykje godt spel og mange sterke resultat. Bataljen mellom dei to Hansen/Gullbranden og Vatna/Sandvik enda med siger til Stord sine seige kulekrigerar.
I finalen var det då dei to einaste ubeseira laga som skulle møtast.
Begge laga kom inn i finalen i full fart etter ein dag der resultata tyder på dominans av begge lag. Etter ein lang dag i sola var det tydeleg at Baksetersveen og Endal hadde
mest krefter igjen på tanken. Dei dominerte kampen mot det seige og sterke Stordlaget, som ikkje kunne stå imot.
Eit flott V65-meisterskap vart avslutta med ein fin finale med resultat 13-2 til Holmestrand Petanqueklubb; Baksetersveen og Endal!
Gratulera som det ordinære NM 2022 sine fyrste norgesmeistrar!
NM Dobbel V65
23. juni 2022, Stokke
1. Bjørnar Endal og Ståle Baksetersveen, Holmestrand Petanqueklubb
2. Per Geir Vatna og Trond Sandvik, Stord Petanqueklubb
3. Odd-Reidar Gullbrandsen og Birger Otto Hansen, Holmestrand Petanqueklubb
3. Ragnhild Andersen og Ib Andersen, Boule Frederik II
5. - 8. plass
Kjell Olav Flatmo og Robert Svendsen, Stord Petanqueklubb
Helge Skjørberg og Hans-Erik Røneid-Hansen, Holmestrand Petanqueklubb
Per Svein Sakseid og Øyvind Bjørkås, Stord Petanqueklubb
Rolf Hermansen og Odd Porsmyr, Boule Frederik II
Tekst: Tore Blokhus, seksjonsleder