NM 2021 Bildøy | Behandling av persondata

02.08.2021

Alle deltakere og arrangører under det ordinære Norgesmesterskapet på Bildøy fikk 27. juni tilsendt takk og informasjon som gjengis i sin helhet:

 

Hei! 

Det er no gått 30 dagar sidan NM i Petanque 2021 på Bildøy vart avvikla, og etter alt å dømme har me også i år klart å unngå utbrudd av smitte under arrangementet. Dette er svært gledelig!
 
Først og fremst skal det rettast ein stor takk til teknisk arrangør, Bergen Petanqueklubb, som har stått for eit nøye planlagd og tantastisk utført arrangement som har gitt oss som spelarar den tryggeheten me treng for å konsentrere oss om konkurransane. Her har alt vore tenkt på, frå plassering på bord til reingjering av toalett og utplassering av handsprit. Når så lite er overlatt til tilfeldighetane er det nesten nøydd til å gå bra.
 
Det skal også rettast ein stor takk til spelarane, som har vist seg samarbeidsvillige og fornuftige, både før og etter arrangementet. Den positive responsen me fekk då me ville samle inn data om vaksinasjonsstatus gjorde at me som arrangørar kunne gå med lave skuldre gjennom arrangementet. Det har vore flott å sjå at dei fleste har lytta til retningslinjene og haldt avstand, også når dagane vert lange. At me har kome oss gjennom eit så stort arrangement utan dramatikk og smittesporing i etterkant vitnar om ei spelargruppe som tar retningslinjene på alvor, held seg heime om dei er sjuke, og viser omsyn til kvarandre når me samlast. Det er fantastisk å kunne arrange slike mesterskap i så usikre tider, på ein måte som få andre idrettar har hatt muligheten til. Dette er me være svært takknemlige for, så de må gjerne gi dykk sjølv eit velfortent klapp på begge skuldrene for dette.
 
Sidan det ikkje har vore behov for den innsamla dataen om vaksinasjonsstatusen vert dataen no sletta, slik det vart signalisert då innsamlinga starta. Nok ein gong vil eg takke for tilliten de har utvist ved å levere frå dykk denne informasjonen frivillig, sjølv om den ikkje vart tatt i bruk har det vore ein stor trygghet å ha den i bakhand dersom uhellet skulle vore ute.
 
Det einaste som gjenstår no er å sjå framover mot resten av sesongen, med fleire rankingturneringar, kvalifiseringar, lisensfrie turneringar og gode treningsøkter! 
 
Mvh,
Christopher S. Kvarme,
NM-Ansvarlig i Seksjonsstyret