NM 2021 | Vaksinasjonsstatus

17.06.2021
Teknisk arrangør, Bergen Petanqueklubb, gjer sitt ytterste for at dette skal bli eit så trygt og godt arrangement som mulig, og me har trua på at alt skal gå bra her. Men dersom me skulle være uheldige og få eit registrert positivt tilfelle vil me likevel måtte sette i gong med smittesporing, i samarbeid med Øygarden kommune. 
 
Me veit at alderssamansetninga i sporten vår er av ein slik art at mange av spelarane er vaksinerte allereie. Dersom det skulle bli aktuelt med smittesporing vil det være viktigast å komme i kontakt med dei uvaksinerte, og me vil difor be spelarane om ei stor teneste. 
 
For dei som ynskjer det, vil me gjerne at de registrerar vaksinestatusen dykkar i dette skjemaet. Dette vil lette arbeidet betraktelig dersom smittesporing vert aktuelt. 
 
Ein reknast som beskytta etter andre dose, eller i tidsrommet 3-15 veker etter første dose. Altså, dersom du har tatt andre, eller det er meir enn tre og mindre enn 15 veker sidan du tok første dose, har du status som beskytta. Alle andre har ikkje status som beskytta. Dersom du har tatt første dose utanom dette tidsrommet kan du registrere dette også i skjemaet. Resten treng ikkje å sende inn dette skjemaet; dei me ikkje har informasjon på vert behandla med status som ubeskytta dersom me startar med smittesporing. 
 
Vaksinasjonsstatus: Registreringsskjema
 
Det er viktig å hugse på at slik helseinformasjon reknast som sensitive personopplysningar, og det er difor ein del viktige ting me må presisere.
 
For det første er det viktig å understreke at det er 100% frivillig å dele desse opplysningane; ein vil verken få fordelar eller ulemper ved å ikkje dele. Det kan være mange grunnar til at ein vil halde slik informasjon for seg sjølv, og dette respekterar me i veldig stor grad. 
 
For det andre vil det være viktig kven som har tilgong på dataen, og kor lenge den vert lagra. Ved å fylle ut dette skjemaet sender du informasjonen til meg, Christopher Schwartz Kvarme, som er NM-ansvarlig i seksjonsstyret. Ingen andre enn meg har tilgong til å sjå svara som kjem inn. Dersom det vert aktuelt med smittesporing vert informasjonen delt med dei smittevernsansvarlige i Øygarden kommune, slik at dei kan prioritere rekkefølgen dei kontaktar spelarane i. 30 dagar etter turneringsslutt vert informasjonen sletta for alltid, og ingen vil nokongong ha lese det som kjem inn.
 
Me håpar så mange som mulig ynskjer å dele, men respekterar sjølvsagt dei som vel å ikkje gjere det.
 
Tusen takk for at de hjelper oss med dette.
 
På vegne av seksjonsstyret,
Christopher S. Kvarme