31 lag til Stords debut

21.05.2015

Laurdag 30. mai skjer det historiske ting på grusbanen bak Nysæter Ungdomsskule. Stord Petanqueklubb arrangerer si første nasjonale rankingturnering, og får besøk frå spelarar frå rundtom i landet.

Her blir det utdelt rankingpoeng, og Stord Petanqueklubb bør stilla mannsterke for å få knabba så mange som mogleg. Skal du berre spela ei petanqueturnering i år blir me ekstra glad om du velger denne! Du får til og med ein flott eksklusiv klubbgris med deg heim.

Speleforma er dobbel, med gruppespel og deretter sluttspel. Sju rundar på dei som tek seg finalen. Det vert B-sluttspel for dei som ikkje klarar lure seg til A-sluttspel.

Det vert kiosksal, og ein har tilgang på toalett og straum. I tillegg til dei flotte pokalane ein ser på bilete vil ein del av deltakaravgifta bli gitt ut igjen i premie. Prisen er 100 kroner per spelar.

For dei som bur på hotell og hytter vert det satt opp transport ut til Nysæter. Det er nokre kilometer.

Dagen etter skal me ha ei uhøgtidleg lisensfri trippelturnering. Spelestaden vert den same. Fint om så mange som mogleg vil bli med her og.

Påmelding til stordpetanque@gmail.com innan fredag 29. mai kl. 10.00.

Langveisfarende:

Stord har leigd ein minibuss frå kl. 15.00 på fredag, og kan henta om nokon landar på Stokken flyplass, og køyra dei til hotella. Me kan og ta transport frå hotell til banen på Nysæter laurdag morgon. 

Påmeldte lag:

1. Nils Runnane og Jarle Grov (SPK)

2. Gunnar Litlabø og Lars Sleen (SPK)

3. Helge Skjæveland og Trond Sandvik (SPK)

4. Odd Kvarme og Børge Presthaug (SPK)

5. Sigve Blokhus og Tore Blokhus (SPK)

6. Tommy Kvarsvik og Ola Odland (SPK)

7. Eivind Sakseid og Per Svein Sakseid (SPK)

8. Pål Johansen og Øyvind Bjørkås (SPK)

9. Rune Solevåg og Rex Simmons (UIL)

10. Arild Skjæveland og Gabriel Gjengstø Bel-Lafkih (SPK og GPK)

11. Ellen Sanna Andersen og Steinar Andersen (ØPK og GPK)

12. Ranu Homniam og Signe Hovind (OPC)

13. Svein Bruu og Sven A. Kolstad (OPC)

14. Eli Gjengstø og Benny Bel-Lafkih (GPK)

15. Helge Skjørberg og Ståle Baksetersveen (HPK)

16. Odd Arne Ulversøy og Per Geir Vatna (SPK)

17. Sverre Meisingset og Ingunn Thorvik (VPK)

18. Toini Hoel og Mostafa El-Harrar (BPK)

19. Linda Jørgensen og Eyolf Jul-Larsen (BPK)

20. Ida Sæbø Larsen og Kari Larsen (BPK)

21. Kenneth Larsen og Berit Sæbø (BPK)

22. Magnus Holtermann og Kristoffer Tronrud (BPK)

23. Terje Larsen og Hervé Soquet-Juglard (BPK)

24. Mathias Petterteig og Emil Petterteig (SPK)

25. Jarle Larsen og Michael Reddington  (SPK)

26. Tørres Angeltveit og Fred Andersen Grov (SPK)

27. Gudmund Yttredal og Tarjei Haga (SPK)

28. Ellen Meisingset og Dag Meisingset (PCH)

29. Knut Arve Haukefær og Jonas Angeltveit (SPK)

30. Joachim Tharaldsen og Henrik Tømmervik (SPK)

31. Rivosoa Nasoloiaina og Michel Rey (OPC)