NM 2022 | Helsing frå Styreleiaren

21.06.2022

Kjære alle!

No er me snart samla til NM.

Fyrste post er NM Veka i Skien, der me har fått eit flott felt og nok ein gong har me hamna på Oddsen!

Deretter tek me turen til Stokke for gjennomføring av resten av NM. I Stokke er det lagt ned ein stor innsats for å få banar i stand, og å skape ei god ramme rundt arrangementet.

Frå seksjonen si side har me som kjent arbeidd mykje med innspela de sendte inn frå klubbane om ynskje for NM avviklinga.

Styret har ambisiøse mål om å komme innspela i møte, utan å gjere kompromiss på det sportslege.

Me føler me har fått på plass eit sterkt lag i støttefunksjonane denne gongen også.

Sekreteriat og dommar vil ha fokus på ei effektiv avvikling, og vil gje vennlege men tydelege beskjedar når det gjeld tidsbruk.

Eg ynskjer at de alle tek imot desse beskjedane positivt. Det er ikkje bare kult å vera streng.

Beskjedane kjem for at arrangementet skal gå så smidig som mogleg, og er i vår felles interesse.

Om ein har innspel og meiningar om dei løysingar me tek i bruk i år, så er det veldig interessant å få desse. Men for NM sin del treng me positiv innstilling, samarbeid og fokus på god gjennomføring frå alle deltakarar.

Før me møtes og tek fatt ynskjer eg å gje ein stor takk til alle som stiller som Sekreteriat eller Dommar under NM. Desse ofrar speledagar for arrangementet.

På førehand stor takk for innsatsen til alle frivillige!

Tore Blokhus,
Leiar