Gjennomføring av E-cup kvalifisering

05.10.2021

Velkommen til kvalifisering for Europacup for klubblag!

Oppmøtestad er Stord Petanquepark, og me startar spelinga klokka 09.00 begge dagar. Dei tre klubbane, BPK, OPC og SPK skal spele seg gjennom ein dobbel serie for å kåre ein verdig vinnar.

BPK startar med W/O i første runde; OPC møter SPK. I neste klubboppgjør møtes BPK og OPC, medan SPK har W/O. I tredje, og siste runde for dagen, møtes BPK og SPK, medan OPC kan nyte ein tidligare middag.

Laga rangerast etter første dag, for å avgjere rekkefølgen dei møtes på søndag.

4. runde: lag 2 mot lag 3.
5. runde: lag 1 mot lag 3.
6. runde: lag 1 mot lag 2.

I kvart klubboppgjer skal det spelast fem kampar, to trippelkampar og tre dobbelkampar. For kvar kamp ein vinn får ein eitt kamppoeng. Vinnaren av klubboppgjeret er den klubben som samlar flest kamppoeng i oppgjeret, og får eitt matchpoeng. Alle kampane skal spelast ferdig. Me startar med trippelkampane. Laga skal melde inn til sekretariatet kva lag som deltek i trippel åpen og kven som stiller i trippel mix. Først når trippelkampane er ferdige treng ein å melde inn kven som stiller som dobbel 1, dobbel 2 og dobbel mix.

Det er lov å stille med to innbyttarar. Dersom desse skal byttast inn må ein først informere sekretariatet og motstandar. Byttet skjer før grisutkastet i ein runde. Ein spelar som er bytta ut kan ikkje byttast inn igjen, og kan heller ikkje byttast inn i ein annan kamp. Det er kun lov med eitt bytte per kamp, to bytter per runde.

Ved endt kamp skal resultatet rapporterast til sekretariatet. Klubbane rangerast på følgande vis:

1. Matchpoeng
2. Innbyrdes oppgjer
3. Kamppoeng
4. Innbyrdes kamppoeng

Dersom alle tre laga fortsatt ligg likt etter dette ser me på målforskjell for å luke bort det eine laget.

Dersom me er ferdigspela på søndag, og to klubbar står på like mange matchpoeng, ligg likt innbyrdes, og har like mange kamppoeng også mot kvarandre, spelast det ein rein finalekamp i åpen trippel.

Ved spørsmål om reglement eller gjennomføring bes klubbane kontakte seksjonen så snart som mulig.

Lykke til!