NM 2021 | Trekning NM Trippel Mix og NM Presisjonsskyting

01.09.2021

NM Trippel Mix 2021 

Seksjonsstyret har på møtet i dag 01.09.2021 utført trekninga av NM Trippel Mix 2021.

Fil: Gruppefordeling, NM Trippel Mix 2021

Obs! Om ditt lag ikkje er å finne på lista, og du meiner du skal være påmeldt innan fristen gjekk ut i går kveld, kontaktar du Arild Skjæveland på epost arild.skjaeveland@nif.idrett.no snarast

Dei 22 påmeldte laga er fordelte i fire grupper. Her spelast det fem rundar gruppespel, før dei to beste laga frå kvar gruppe går vidare til kvartfinalar.

Spillestart kl. 09.00!

Under NM Trippel Mix vert det nytta digitale løysningar for innmelding av resultat, på samme måte som det vart gjort under NM på Bildøy tidlegare i år. Mange er kjent med systemet frå før, og me hjelper kvarandre ved behov. Meir informasjon om dette kjem i ein eigen post dagen før mesterskapet startar.

 

NM Presisjonsskyting 2021

Søndag 05.09.2021 er det klart for NM Presisjonsskyting 2021. 

Husk også at teknisk arrangør setter opp lisensfri turnering samme sted. Se terminliste for flere detaljer.

15 skyttarar frå heile landet møtast til strid, og det skal også her delast ut gjeve medaljar. Skyttarane har vore gjennom ei kvalifisering i sin region, og rekkefølgen dei skal skyte forsøksrunde i NM er basert på poengsummen dei oppnådde her. 

Rekkefølgen vert som følger:

  1. Gisle Hjelmen (SPK), 16 poeng
  2. Jean Espic (GPK), 16 poeng
  3. Lisbeth M. Johannesen (SPK), 16 poeng
  4. Heidi Skjørberg Nilsen (HPK), 17 poeng
  5. Johnny Skjørberg (HPK), 18 poeng
  6. Svein Erik Johansen (HPK), 18 poeng
  7. Benny Bel-Lafkih (GPK), 19 poeng
  8. Ranu Homniam (GPK), 19 poeng
  9. Marius Wang (OPC), 20 poeng
  10. Bastien Testaniere (GPK), 22 poeng
  11. Camel Benkheira (OPC), 22 poeng
  12. Gildas Mevel (OPC), 22 poeng
  13. Charlotte Jayer (GPK), 26 poeng
  14. Robert Pettersen (GPK), 31 poeng
  15. Gabriel G. Bel-Lafkih (GPK), regjerande mester

Etter at alle har skutt ein full runde i forsøket, går spelarane med dei åtte beste summane vidare til kvartfinalar. Ved poenglikhet vert spelaren med flest 5-poengarar rangert øverst. Dersom fleire spelarar fortsatt står likt, men spelarane er inne blandt dei åtte beste, sorterar ein alfabetisk. Dersom spelarane ligg likt, og ikkje alle er inne blandt dei åtte beste, skal det arrangerast omskyting på 7m til ein har skilt spelarane.

I finalespelet møtast spelarane ein mot ein, og spelaren med den beste scoren går vidare medan spelaren med den dårligaste scoren ryk ut. Ved poenglikhet arrangerast det omskyting på 7m; ein sorterar ikkje først på antall 5-poengarar her i sluttspelet.